Hopp til innholdet
Nyttårskino

Sogn Sparebank inviterer til nyttårskino

Det er ei glede å invitere til framsyning av familiefilmen "Flåklypa - frå Paris til pyramidene" rett over nyttår. 

Velkomen på kino! 

Banken vil vere ein medspelar og gjere Sogn til ein endå betre plass å bu. Med mål om å lyse opp januar månad inviterer vi til gratis nyttårskino for heile familien. I samarbeid med lokale kinoar og Bygdekinoen syner me filmen "Flåklypa - fra Paris til pyramidene". Me håpar å sjå deg på kino! 

Filmframsyningane vil vere i Aurland, Årdal, Vik, Sogndal og Bergen.
I Lærdal pussar dei opp kinoen og held stengt i januar. Bur du i Lærdal og har lyst på kino, er du sjølvsagt hjerteleg velkomen til å ta turen til ein av dei andre kinoane. 

Pratisk og viktig informasjon: 

Her er det førstemann-til-mølla-prinsippet som gjeld, og det er maks 4 billettar per person/bestilling. Viss du ikkje kan nytte billettene din, ber vi om at du raskt gjev beskjed til oss på kino@sognbank.no. 

Alle billettar må tingast på førehand. Frist for å bestille billettar er 19. desember

Nedanfor er ei liste over tid og stad for kinovisningane. Det er litt ulike måtar å tinge billettar på kvar stad, så les nøye kva som gjeld for din næraste kino.

Stad

Tidspunkt

Billettar

Aurland

Trudvang kino,
laurdag 3. januar kl. 

Billettbestilling per
sms til 934 49 683

Årdalstangen

Årdal kino,
fredag 2. januar 
kl. 17.00

Bestill billett
Kodeord ved bestilling: Solan (merk stor S)  

Sogndal

Sogndal kino,
fredag 2. januar
kl. 18.00

Bestill billett
Kodeord ved bestilling: Solan (merk stor S) 

Vik

Blixhalli,
Fredag 9.januar 
kl. 17.30


Send epost til kino@sognbank.no

Bergen

Bergen kino,
Måndag 5. januar kl.18.00


Send epost til kino@sognbank.no