BSU – Bustadsparing for unge

BSU er fortsatt den mest lønnsame spareforma for deg under 34 år. Du får skattefrådrag, den beste renta vi har og ekstra gunstige lånevilkår den dagen du skal kjøpe bustad. Frå 2023 er skattefrådraget endra frå 20 til 10%, slik at maks skattefrådrag no er 2.750 kr.
  • Spar inntil 27.500 kr kvart år, til saman 300.000 på BSU
  • Inntil 2.750 kr i skattefrådrag kvart år
  • Vår beste rente
Kontakt meg om BSU

Bustadsparing for unge

BSU kan du bruke til å kjøpe bustad eller betale ned lån på bustad, og er eit svært gunstig spareprodukt som gjer vegen til eigen bustad kortare.
  • Du kan spare med BSU til og med det året du fyller 33 år.
  • Du bind deg ikkje til fast sparing.
  • Du får banken si beste rente på innskot.
  • Kan brukast til kjøp av bustad eller til nedbetaling av lån på bustad.
  • Ektefellar og sambuarar kan opprette kvar sin BSU-konto.