Utdatert nettleser
Denne nettsiden vil gi redusert funksjonalitet i denne nettleseren. Vi støtter de fleste nettlesere med de nyeste versjonene som Chrome, Firefox, Safari og Edge. Hvorfor trengs en oppdatert nettleser? Finn det ut her og last ned nyeste versjon
Individuell pensjonssparing (IPS)
No kan du spara inntil 15.000 kroner i året og få ein skatteutsetjing på inntil 3.300 kroner! I den nye ordninga er heile sparesaldoen din unnateken formueskatt – og du betalar heller ikkje skatt på avkastninga i spareperioden. Skatt betaler du først når midlane blir tekne ut av kontoen.
Du får inntil 3.300 kroner i skatteutsetjing kvart år
Du kan fritt endre eller stoppe sparinga undervegs
Vel Start sparemål til pensjon og følgje stega for å starte sparing på IPS
Fylle opp IPS-kontoen før nyttår?
Det nærmar seg nytt år og vi minner om følgjande fristar:
20.12.2022 - Siste frist for innbetaling IPS kontoen for eksterne fond
29.12.2022 - Siste frist for innbetaling IPS kontoen for Eika fond
Kva er IPS?
IPS står for individuell pensjonssparing
Maksimalt sparebeløp per år er 15.000 kroner i 2022. Det var 40.000 kroner i 2021
Årleg skatteutsetjing kan bli inntil 3.300 kroner
Pengane er bundne fram til pensjonsalderen
Kan tidlegast betalast ut frå ein er 62 år
Utbetaling kan minimum skje over 10 år, minst til ein er 80 år. Dersom du får pensjonen betalt ut frå du er 62 år, blir minimum utbetalingstid derfor 18 år
Dersom årleg utbetaling er under 20 prosent av G (grunnbeløpet i folketrygda, 22.295 kroner) kan utbetalingstida setjast ned slik at ein når dette beløpet
Ein kan spare i IPS frå ein fyller 18 år, til ein er 75 år
Sparebeløpet på IPS-kontoen (pensjonskapitalen) går til dei etterlatne dersom kunden døyr før den avtalte utbetalingsperioden går ut
Du kan sjølv velje kvar du ønskjer å ha IPS-avtalen din
Du kan avbryte pensjonsspareavtalen og få skrive ut eit pensjonskapitalbevis. (Dette kan du ikkje ta ut før pensjonsalderen)