For deg som kunde betyr det nye krav til adresseinformasjon som følgjer utanlandsbetalingar.
Heilt konkret vil dette seie at adresseinformasjonen på avsendar- og mottakarsida må leverast strukturert, og minstekravet er at «By» og «Land» må leverast i separate felt.
Krava gjeld frå 15. november 2026 og omfattar SEPA-betalingar og ordinære utanlandsbetalingar.
Innanlandsbetalingar er ikkje omfatta av dei nye krava.
Kvifor skjer dette?
Endringa skal modernisere betalingsinfrastrukturen og sikre:
- betre datakvalitet
- meir presis og effektiv betalingsbehandling, og
- sterkare etterleving av regulatoriske krav og ISO 20022-standarden.
Ustrukturerte adresser vil ikkje lenger vere tillatne etter 15. november 2026.
Kva bør du gjere no?
- Sikre at system og integrasjonar støttar strukturert eller hybrid adresse
- Avklare nødvendige endringar med aktuelle systemleverandørar
- Oppdatere interne rutinar i god tid før fristen
Uansett om de bruker fullt strukturert eller hybrid format, er minstekravet strukturert stadnamn (by) og strukturert landkode (ISO 2-bokstavskode).
Viss de per i dag ikkje har stadnamn/by og landkode i eigne mottakarregister, bør de prioritere å kontakte betalingsmottakarar og begynne å samle inn denne informasjonen så snart som mogleg.
Informasjon om kreditors bank
Krav til bruk av adresse ved overgang til ISO 20022 XML mellom bankane gjeld også for kreditors/mottakars bank.
Alternativet, og det vi føretrekkjer, er Swiftkode/BIC på mottakars bank.
Viss det ikkje er oppgitt, er kravet at namnet på kreditors/mottakars bank må vere oppgitt i tillegg til fullstendig adresse (jf. reglane om strukturert adresse over).
Vi oppfordrar deg til å ta kontakt med systemleverandøren din for å sikre at krava er ivaretekne for systemet ditt.
Ein oppdatert meldingsguide (MIG) finn du på Bits sine nettsider (krev innlogging, gratis brukarkonto kan opprettast på innloggingssida).
Bruker du ein av leverandørane under?
Eika har informert desse direkte om endringane:
- AMC Banking
- Aritma
- Autopay by Visma
- BitPeople
- Continia
- Duett
- Finago Office
- iizy
- Monitor ERP
- On Property
- PowerOffice
- Tripletex
- VVS Finans
- Xledger
- Zirius