Hopp til innholdet

Slik administrerer du brukarar og rettar i nettbanken

Som administrator i nettbanken vår for bedrifter har du full kontroll over brukarane til bedrifta og tilgangane deira. Denne rettleiinga viser deg steg for steg korleis du opprettar nye brukarar, tildeler roller, styrer kontorettar og endrar eller slettar eksisterande brukarar.

Viktig å vite om administratorrolla

Full kontroll

Som administrator kan du administrere alle brukarar, leggje til nye, gjere endringar eller slette tilgangar.

Endre eller leggje til administrator?

Banken opprettar den første administratoren for bedrifta for deg.

Om du ønskjer å opprette fleire administratorar eller gjere endringar på eksisterande administratorar, kan du bestille dette via «Bestille produkt» i toppmenyen.

Vel «Daglig drift» og «Administrator» inne på bestillingssida.

Ny brukaradministrasjon – kva er nytt?

Frå 19.05.26 er det ein ny brukaradministrasjon på plass i Nettbank Bedrift. Dette er nytt:

  • Ny startside med plass til fleire funksjonar.
  • Nytt, oppgradert design.
  • Brukarinformasjon, kontorettar og roller er skilde frå kvarandre.
  • Namnet på selskapet (kontoeigaren) blir no vist i kontooversikta ved tildeling av kontorettar (i konsernavtalar med tilgang til dotterselskap).
  • Fleire nyttige filtreringsmoglegheiter i kontooversikta.
  • Ny funksjon: Kopier kontorettar.

Opprette ny brukar

For å starte, logg inn i nettbanken, vel «Brukeradministrasjon» i toppmenyen, og klikk deretter på valet «Opprett ny bruker».

Steg 1: Legg inn brukarinformasjon

Fyll inn felta med personopplysningane til den nye brukaren:

  • Førenamn og etternamn.
  • Fødselsnummer (11 siffer).
  • Telefonnummer.
  • E-postadresse.

Når du har trykt på «Opprett ny bruker», er brukaren oppretta. Klikk på «Legg til kontorettigeter og roller» for å gå vidare til neste steg.

Viktig: Første gong brukaren loggar inn, blir namn og fødselsnummer automatisk kontrollerte mot Folkeregisteret. Sjekk at opplysningane er heilt korrekte, slik at innlogginga ikkje feilar.

Steg 2: Vel kontorettar

Her styrer du nøyaktig kva brukaren kan gjere på kvar enkelt bankkonto.

Kryss av for rettane som gjeld for dei enkelte kontoane i lista.

Du kan krysse av for rettane øvst i lista for å velje alle kontoane som blir viste, samtidig.

Kva gir dei ulike rettane tilgang til, og kva betyr det i praksis?

  • Innsyn: Brukaren kan sjå saldo, kontodetaljar og transaksjonar på kontoen.
  • Registrer: Gir tilgang til å leggje inn (registrere) utbetalingar. Du kan også setje ei beløpsgrense per betaling her.
  • Godkjenn: Gir tilgang til å godkjenne betalingar som ligg til godkjenning. Du kan setje ei maksimal beløpsgrense for samla godkjenning.
  • Kontoregulering: Lèt brukaren overføre pengar mellom dei eigne kontoane til bedrifta i nettbanken.
  • Lønn: Gir tilgang til menyen «Lønnslister» og innsyn i lønnsfiler og transaksjonar merkte som lønn. Utan denne retten vil lønnstransaksjonane vere skjulte for brukaren.

Steg 3: Legg til roller

Her bestemmer du hvilke administrative eller overordnede funksjoner brukeren skal ha tilgang til. Hvilke valgmuligheter du ser, avhenger av hvilke tjenester bedriften har aktivert i bankavtalen.

Kva kan dei ulike rollene gjere?

Desse rollene gir tilgang til:

  • Kontonavn: Gir tilgang til menyen «Kontonavn», der brukaren kan endre visningsnamn på kontoane til bedrifta.

  • Cash Pool Full: Full tilgang til konsernkontosystemet (dersom avtalen har dette). Brukaren kan sjå strukturen, endre vilkår og registrere og slette prognosar.

  • Cash Pool Pluss: Gir dei same rettane som «Full», i tillegg til tilgang til å utføre kontoreguleringar.

  • Cash Pool Begrenset: Brukaren kan sjå struktur og vilkår og registrere eller slette manuelle prognosar, men ikkje endre overordna vilkår.

  • Cash Pool Minimal: Rein lesetilgang (innsyn) til struktur og vilkår i konsernkontosystemet.

  • Lånedokument: Gir tilgang til å søkje etter og hente ut lånedokument i dokumentarkivet til bedrifta.

  • Tilgang til å sjå fullmaktene til andre: Ein rein lesetilgang som lèt brukaren sjå kva fullmakter andre brukarar i bedrifta har (utan moglegheit til å endre dei).

  • Filoverføring: Gir tilgang til å sende og hente filer, setje opp filoverføringar og få tilgang til filarkiv og bankavstemming.

💡Smart tips (Kopier rettar):

Skal den nye brukaren ha nøyaktig dei same kontorettane som ein kollega? Under kontolista finn du valet «Kopier fra en annen bruker».

Søk opp namnet på kollegaen, og klikk «Kopier» for å sleppe å krysse av alt manuelt.

Steg 4: Fullfør registreringa

Når alle roller og kontorettar er lagde inn, klikkar du på knappen «Lagre» nedst på sida.

Brukaren er no oppretta og kan med ein gong logge inn i nettbanken med sin personlege BankID.

💡 Viktig: Ein ny brukar må logge seg inn i nettbanken minst éin gong før brukaren kan godkjenne betalingar frå økonomisystemet (bankintegrasjon) eller logge inn i mobilbanken.

Vise, endre eller slette eksisterande brukarar

Du kan når som helst justere rettar eller fjerne tilgangar for aktive brukarar:

  1. Gå til «Brukeradministrasjon» i toppmenyen.
  2. Klikk på «Brukerliste» for å sjå alle brukarane i avtalen.
  3. Finn personen i brukarlista (har du mange brukarar, kan du bruke søkjefunksjonen).
  4. Klikk på brukaren for å utvide vala. Du får opp tre knappar:
  • «Kontorettigheter og roller»: Klikk her for å justere kontorettar og roller.
  • «Brukerinformasjon»: Klikk her for å justere opplysningane til brukaren. Merk: Du kan endre alt bortsett frå fødselsnummeret.
  • «Slett»: Klikk her for å slette brukaren. Du blir beden om å stadfeste valet. Når brukaren er sletta, blir tilgangen til nettbanken stengd med ein gong.

Sjå kven som har tilgang til ein bestemt konto

Det hender at ein treng å snu perspektivet og sjå kven som faktisk har tilgang til ein bestemt drifts- eller skattekonto.

Dette gjer du enkelt slik:

  1. Klikk på «Oversikt» i toppmenyen.
  2. Finn den aktuelle kontoen i lista og klikk på knappen «Detaljar» på kontokortet.

3. I lista med kontodetaljar klikkar du på linja «Oversikt over brukere med tilganger til kontoen» nedst.

4. Du får no opp ei oversikt over alle som har rettar på denne kontoen, og du kan søkje eller filtrere på bestemte rettar (som for eksempel «Innsyn» eller «Lønn»).

Dualkontroll – godkjenning i fellesskap

Det er mogleg å bestille dualkontroll for nettbankavtalen.

Denne løysinga gjer at alle nye brukarar eller endringar må godkjennast av to administratorar.

For å bestille dette, gå til «Bestill produkter» i toppmenyen. Vel «Daglig drift» og «Administrator» inne på bestillingssida.

Løysinga fungerer slik:

  1. Administrator 1 opprettar ein ny brukar eller gjer endringar på ein eksisterande brukar, og sender det til godkjenning.
  2. Administrator 2 får eit varsel om endringar som treng godkjenning. Dette blir vist både under «Oversikt» og inne i «Brukeradministrasjon».

3. Administrator 2 klikkar på varselet, kryssar av for endringane og vel å anten godkjenne eller avvise dei. Etter godkjenning trer endringane i kraft.

💡 Smart tips:

Administrator 2 kan klikke på pilen for å se de ulike endringene som er gjort av administrator 1 før godkjenning .

Filtreringsmoglegheiter i kontorettar

På sida for kontorettar og roller finn du ulike filtreringsmoglegheiter, slik at du berre ser dei aktuelle kontoane du skal endre rettar på.

Dette er spesielt nyttig dersom du har mange kontoar eller tilgang til fleire selskap (dotteravtalar).

  • Kontogruppe – Viser berre kontoar i den valde kontogruppa.
  • Selskap – Viser berre kontoar som høyrer til det valde selskapet (for konsernavtalar med dotteravtalar).
  • Vis kontorer utan kontorettigheter – Viser berre kontoar som brukaren ikkje har nokon rettar på.
  • Søk på kontonavn/kontonummer – Viser berre kontoar som samsvarer med søket ditt (berre tilgjengeleg når du har meir enn 10 kontoar).
  • Filtrer kontorettigheter – Viser berre kontoar med rettar som samsvarer med filtra du har valt.

Kopier kontorettar

Med denne funksjonen kan du kopiere kontorettar frå éin konto til ein annan.

Dette er spesielt nyttig dersom du får ein ny konto som skal ha dei same brukarane og rettane som ein eksisterande konto.

NB! Denne funksjonen er førebels ikkje tilgjengeleg for avtalar med dualkontroll.

  1. Gå til «Brukeradministrasjon» i toppmenyen.
  2. Klikk på «Kopier kontorettigheter» for å starte prosessen.
  3. Vel først kontoen du skal kopiere kontorettane til. (Vel eventuelt «Bedrift» for å filtrere dersom du har tilgang til fleire selskap).
  4. Klikk på knappen «Neste» nedst for å gå vidare.

5. Vel så kontoen du skal kopiere kontorettane frå. Klikk på knappen «Kopier kontorettigheter» nedst for å stadfeste.

Til slutt får du ei stadfesting på at kontorettane er kopierte.