Hopp til innholdet
Dame pakker ut en lampe ut av en eske.
Fekk du ikkje det du bestilte? Betaler du med kredittkort, er du betre verna mot svindel og har gode reklamasjonsrettar.
Kredittkort

Fem gode tips til ei tryggare netthandel

Netthandel gir mange moglegheiter, men pass på tryggleiken når du handlar.

Tenk på internett som ein stor by med utallege butikkar – akkurat som i den verkelege verda, må du passe godt på lommeboka di.

Her er fem tips for å handle smart og sikkert på nett:

 

1. Betal med kredittkortet

  • Då er du betre verna mot svindel. Har du ikkje kredittkort frå oss, kan du søkje om kortet her.
  • Sørg for at nettadressa startar med https:// og at det visast ein hengelås i nettlesaren før du oppgir personlege opplysningar eller betalingsinformasjon.

2. Ver kritisk til tilboda

  • Ikkje la deg lure av tilbod som verkar for gode til å vere sanne.
  • Sjekk prisar og undersøk om nettbutikken er påliteleg.
  • Les vurderingar frå andre kundar for å unngå falske nettbutikkar.

3. Bruk BankID-appen

  • BankID-appen er tryggare og enklare enn til dømes BankID med kodebrikke, og gir deg betre vern mot svindel.
  • Du får meir informasjon om kjøpet og kan avbryte viss noko ikkje stemmer.

4. Ver merksam på phishing

  • Svindlarar sender ofte falske e-postar eller SMS og utgir seg for å vere kjende aktørar, som Posten, bankar eller nettbutikkar.
  • Ver skeptisk til meldingar som ber om personlege opplysningar eller at du skal trykkje på lenkjer og vedlegg.
  • Gå alltid direkte til nettstaden ved å skrive inn adressa sjølv.

5. Følg med i mobil- og nettbanken

  • Hald oversikt over transaksjonane dine og bankkontoen din.
  • Kontakt oss straks viss du mistenkjer svindel.
  • Ver rask og sperr korta dine i mobil- og nettbanken.

Hugs: Vi vil aldri be deg om å oppgi konfidensiell informasjon, passord, BankID eller kredittkortnummer. Fleire tips til trygg netthandel finn du på Svindel.no.

Ved å følgje desse gode råda reduserer du risikoen for å bli utsett for svindel. God handel!

Tips

Black Friday og Cyber Monday kan vere fine høve til gode kjøp – men det er òg høgtid for falske nettbutikkar som lokkar med tilbod. Ver derfor ekstra merksam på svindel i desse periodane.
Jente sjekkar mobilbanken medan ho held ein kopp te.

Har du ikkje kredittkort frå oss?

Med bank- og kredittkort på éin stad får du full oversikt og kontroll i mobil- og nettbanken.