Hopp til innholdet
Mobil med gammeldags telefonregister festet på baksiden som del av Vipps-kampanjen for Tæpp med Vipps.
Du trenger ikkje å feste adresseregisteret på mobilen. Det gjeld eigentleg bankkortet òg.
Nyhet

Derfor er det trygt å tæppe med Vipps

Mange har framleis bankkortet festa på mobilen, sjølv om kortet allereie ligg i Vipps. Her forklarer produktsjef for Tæpp med Vipps, Espen Andreassen, kvifor stadig fleire vel å betale med mobilen – og kvifor det er både enkelt og trygt.

Like trygt som kort – og på nokre måtar tryggare

Når du tæpper med Vipps, betaler du med kortet du har valt i appen. Du må godkjenne betalinga med ansikt, fingeravtrykk eller kode på mobilen, og kortdetaljane dine er skjulte når du tæpper.

Mister du eit fysisk kort, kan det i enkelte tilfelle brukast utan pinkode ved mindre beløp. Med Tæpp med Vipps må mobilen låsast opp før betalinga kan gjennomførast.

Espen Andreassen, produktsjef for Tæpp med Vipps, meiner mobilbetaling på mange måtar kan vere tryggare enn å bruke fysisk kort.

 

– Å tæppe med Vipps er like trygt som å betale med fysisk kort i butikken. Faktisk er det på noen måter enda tryggere. 

 

Espen Andreassen, produktsjef for Tæpp med Vipps, forklarer kva som gjer mobilbetaling trygt.

Ha fleire kort klare på mobilen

Du kan leggje til fleire kort i Vipps og velje kva kort du vil bruke før du tæpper. Det kan vere praktisk dersom du brukar ulike kort til kvardagskjøp, reise, jobb eller felles utgifter heime.

Fungerer også utan dekning

Tæpp med Vipps kan fungere sjølv om du ikkje har dekning eller internettilgang. Det gjeld også dersom Vipps-appen skulle vere mellombels nede. Betalinga skjer via ein chip i mobilen – på same måte som når du brukar eit fysisk bankkort. Vil du tæppe utan å opne Vipps først, må du setje Vipps som standard betalingsapp på mobilen.

Kortfordelane blir med

Når du tæpper med Vipps, brukar du framleis kortet ditt. Derfor følgjer kortfordelane som regel med på same måte som når du brukar det fysiske kortet.

Trumf-poeng blir registrerte automatisk hos kjeder som Kiwi, Meny og Joker når kortet ditt er knytt til medlemskapet. Hos REMA 1000 blir kjøpet registrert automatisk når kortet ditt er knytt til kundeklubben Æ.

Eit nordisk betalingsalternativ

For mange handlar tryggleik også om kven som står bak løysinga. Vipps er eit nordisk selskap med hovudkontor i Oslo, og Sogn Sparebank er medeigar i Vipps gjennom Eika-alliansen.

– Stadig fleire har eit bevisst forhold til å velje lokale alternativ til amerikansk teknologi. Vipps er eit nordisk selskap med hovudkontor i Oslo. Det betyr at løysingane er bygde og drivne i Norden, og at Vipps har eit norsk kundesenter du enkelt kan kontakte, seier Andreassen. 

Slik kjem du i gang

Har du kortet ditt i Vipps frå før, treng du berre å aktivere tæpping.

  • Opne Vipps.
  • Vel kortet du vil bruke til tæpping.
  • Følg stega i appen.

Har du fleire kort, kan du aktivere fleire av dei og velje kort før du betaler.

Lenka tek deg rett til aktivering i Vipps Kom i gang med Tæpp med Vipps