Sara Tønnessen
Rådgjevar privat
94 05 05 51
Personleg økonomi er noko alle må forhalde seg til – men det er ikkje alltid like lett å vite kor ein skal starte. Med dette foredraget gjer me det enklare for ungdom å forstå pengar, val og konsekvensar.
Denne våren har me i Sogn Sparebank utvikla eit nytt og engasjerande foredrag retta mot ungdomsskuleelevar i Sogn. Foredraget heiter «Økonomisk smart – val som formar framtida», og har som mål å gjera ungdom tryggare på eigen økonomi og rusta dei til å ta gode økonomiske val – både i dag og i framtida.
Sidan februar har me reist rundt til 10.-klassingar i regionen og gjennomført foredraget i blant anna Aurland, Årdal, Sogndal og Vik. Responsen har vore svært positiv – me har fått strålande tilbakemeldingar frå både elevar og lærarar. Mange elevar trekkjer fram at foredraget var lett å forstå, relevant for deira eigen kvardag, og at dei faktisk lærte noko nytt og viktig om økonomi!
Foredraget tek for seg dei mest sentrale tema innan personleg økonomi for ungdom i alderen 14–18 år:
Me kombinerer fakta, kvardagsnære eksempel og enkle verktøy som «sparekalkulator» og «sløsekalkulator» for å gjera stoffet forståeleg og relevant.
Dette foredraget gir ungdom konkrete verktøy og innsikt som dei faktisk får bruk for – både no og i framtida. Me snakkar med dei, ikkje til dei. Gjennom engasjerande formidling, dialog og praktiske døme, hjelper me elevane å bli meir bevisste på eigne vanar og val.
Foredraget blir haldt av Kjersti og Sara frå Sogn Sparebank, begge med bakgrunn innan marknadsføring og økonomisk rådgjeving.
Rådgjevar privat
94 05 05 51
Rådgjevar privat/landbruk
90 50 53 66