Økonomisk smart - val som formar framtida
Personleg økonomi er noko alle må forhalde seg til – men det er ikkje alltid like lett å vite kor ein skal starte. Med dette foredraget gjer me det enklare for ungdom å forstå pengar, val og konsekvensar.

Personleg økonomi er noko alle må forhalde seg til – men det er ikkje alltid like lett å vite kor ein skal starte. Med dette foredraget gjer me det enklare for ungdom å forstå pengar, val og konsekvensar.
Denne våren har me i Sogn Sparebank utvikla eit nytt og engasjerande foredrag retta mot ungdomsskuleelevar i Sogn. Foredraget heiter «Økonomisk smart – val som formar framtida», og har som mål å gjera ungdom tryggare på eigen økonomi og rusta dei til å ta gode økonomiske val – både i dag og i framtida.
Sidan februar har me reist rundt til 10.-klassingar i regionen og gjennomført foredraget i blant anna Aurland, Årdal, Sogndal og Vik. Responsen har vore svært positiv – me har fått strålande tilbakemeldingar frå både elevar og lærarar. Mange elevar trekkjer fram at foredraget var lett å forstå, relevant for deira eigen kvardag, og at dei faktisk lærte noko nytt og viktig om økonomi!
Foredraget tek for seg dei mest sentrale tema innan personleg økonomi for ungdom i alderen 14–18 år:
Me kombinerer fakta, kvardagsnære eksempel og enkle verktøy som «sparekalkulator» og «sløsekalkulator» for å gjera stoffet forståeleg og relevant.
Dette foredraget gir ungdom konkrete verktøy og innsikt som dei faktisk får bruk for – både no og i framtida. Me snakkar med dei, ikkje til dei. Gjennom engasjerande formidling, dialog og praktiske døme, hjelper me elevane å bli meir bevisste på eigne vanar og val.
Foredraget blir haldt av Malin og Sara frå Sogn Sparebank, begge med bakgrunn innan marknadsføring og økonomisk rådgjeving
Rådgjevar kundesenter/fagansvar daglegbank
57 64 85 10
Rådgjevar privat
57 64 85 18