Hopp til innholdet

Sogn Sparebank har signert Kvinner i Finans Charter

Kvinner i Finans Charter har som formål å bidra til å auka delen kvinner i leiande posisjonar i finansnæringa i Noreg. Det vil Sogn Sparebank støtte opp om. 

Fire prinsippa vi har forplikta oss til:

  • Ha eit medlem i leiarteamet med dedikert ansvar for å følgja opp arbeidde med kjønnsbalanse og inkludering.
  • Sette interne mål for kjønnsbalanse på leiarnivå og i spesialistfunksjonar.
  • Årleg publisera status og framgang mot måla på eiga nettside.
  • Ha ein ambisjon om at framgang mot måla skal reflekterast i godtgjersle til leiarteam

Kompetanse skal alltid vere avgjerande. Vår ambisjon er å skape like moglegheiter for alle og bidra til at fleire kvinner ser leiarroller som eit naturleg karriereval i banken.

Ragnhild Skahjem Tofastrud, leiar HR og kommunikasjon. 

Korleis kan vi bidra? 

Den positive effekten av auka del kvinner i leiande posisjonar i næringslivet er grundig dokument. Likeve går utviklinga for saker, også i Noreg, der vi likar å sjå på oss sjølve som eit føregangsland når det gjeld likestilling mellom kjønn. Manglande utvikling er ikkje berekraftig - verken for individ, selskap eller samfunnet.

Hjå oss er kompetanseutvikling eit fast punkt i medarbeidarsamtalar og i rekrutteringsprosessar. Fokus på å informere og forklare kva mogelegheiter som finst for dei tilsette i banken er viktig, og ikkje minst at leiarar går føre som gode førebilete. Kvinner og menn skal ha same like moglegheiter for å kvalifisere seg til alle typar oppgåver og karrieremoglegheitene skal vere dei same.

Banken har nulltoleranse for diskriminering og har fokus på at kompetanse skal vere toneangivande. Det er viktig for banken med god kjønnsdeling, aldersdeling og mangfald i organisasjonen. Fordelen med å ha folk i ulike aldrar og livssituasjon er at me speglar kundane, samt at det er enklare for banken å tilpasse seg den enkelte sin livssituasjon, 

Kontaktperson i Sogn Sparebank 

Ragnhild Skahjem Tofastrud

Ragnhild Skahjem Tofastrud

Leiar kommunikasjon og HR

48 00 14 30

Våre mål i Sogn Sparebank og status

Indikator 31.12.2023  31.12.2024  31.12.2025
Mål for kjønnsbalanse i leiande stillingar 50 % kvinner / 50 % menn  50 % kvinner / 50 % menn 50 % kvinner / 50 % menn
Kjønnsbalanse i verksemda 57 % kvinner / 43 % menn 63 % kvinner / 37 % menn 57 % kvinner / 43  % menn
Kjønnsbalanse i  leiargruppa 40 % kvinner / 60 % menn 33 % kvinner / 67 % menn 40 % kvinner / 60 % menn
Kjønnsbalanse i øvrige leiarnivå 10 % kvinner 67 % kvinner / 33 % menn 60 % kvinner / 40 % menn
Kjønnsbalanse i styret 44 % kvinner / 56 % menn 50 % kvinner / 50 % menn  50 % kvinner / 50 % menn
Kjønnsbalane i øvrige leiarnivå 100 % kvinner 100 % kvinner