Hopp til innholdet
Banner i grønt i Smaojordeplerock sin profil.

Sogn Sparebank og Jordeplerock inviterer til Smaojordeplerock

Torsdag 25. juni 2026 inviterer Sogn Sparebank og Jordeplerock til Smaojordeplerock – ein eigen festivaldag for barn, unge og familiar frå heile Sogn. På scena står Freddy Kalas og Gunn Kvaale!

Smaojordeplerock er eit nytt samarbeid mellom Sogn Sparebank og Jordeplerock, og markerer starten på festivalhelga Jordeplerock i Lærdal. Målet er å skape ein god møteplass, spre glede og samle folk på tvers av bygder og generasjonar.

Musikk for både store og små

Kvelden byr på både lokale talent og etablerte artistar. Gunn Kvaale frå Sogndal, som er eit av dei mest lovande stjerneskota frå regionen, opnar showet før Freddy Kalas tek over scena og lagar feststemning for alle.

– Gunn Kvaale er eit stjerneskot frå Sogndal som verkeleg er på veg oppover. Og så kjem Freddy Kalas, ein etablert artist som mange kjenner – me er sikre på at han kjem til å lage god stemning, seier kommunikasjonsansvarleg i banken Ragnhild Skahjem Tofastrud.

Gunn Kvaale klar for Smaojordeplerock. 

Gratis og alkoholfritt arrangement

Smaojordeplerock blir eit gratis og alkoholfritt familiearrangement, ope for alle – ikkje berre for lærdøler, men for barn, ungdom og familiar frå heile Sogn. Det vert også lagt opp til transport frå fleire av bygdene i Sogn, slik at flest mogeleg kan få med seg denne kjekke kvelden.

Eit arrangement for fellesskap og inkludering

For Sogn Sparebank handlar Smaojordeplerock om å bruke samarbeid og kultur til å byggje fellesskap, og for å skape aktivitet og gode møteplassar for unge i Sogn, også dei under 18 år. Sogn Sparebank har vore hovudsponsor for Jordeplerock i mange år, og difor har samarbeidet vekse fram naturleg. Mykje også grunna felles verdiar.

– Både me og gjengen bak Jordeplerock ønskjer å bidra til at Sogn blir ein endå betre plass å bu og vekse opp i, å då er det så fint å kunne skape ein så kjekk møteplass i Lærdal på sumarstid, seier Tofastrud.

Freddy Kalas klar for Lærdal og Smaojordeplerock. Foto: Haakon Paulsen. 

Det handlar om å skape møteplassar

– Det handlar om å skape gode møteplassar i Sogn, og vise kor kjekt me har det i lag. Det har vore viktig for oss at dette skal vere eit gratis og inkluderande arrangement, der ingen står på utsida, seier Skahjem Tofastrud.

Også festivalsjef Stian Vatlestad tykkjer dette samarbeidet er skikkelig stas, og legg til at han er svært takksam for å kunne gjennomføre dette.

– Me gjorde noko liknande i 2024, og det er noko av det finaste eg har vore med å arrangere. Å få arrangere ein slik konsert, skape så fine rammer, og sjå så mange born og unge som kosar seg i saman med foreldre og besteforeldre er rørande og heilt fantastisk!