Hopp til innholdet
Fond

La sommaren gi deg meir enn berre fine minne 💚

Feriepengar kan gi litt ekstra rom i økonomien – og kanskje litt større fridom til å gjere det du har lyst til i sommar. Samstundes kan det òg vere ei god anledning til å gjere nokre grep du vil vere glad for seinare.

Feriepengane er på veg – og gir kanskje litt ekstra rom i økonomien akkurat no. Kva du vel å gjere med dei, kan ha meir å seie enn du trur.
Du treng ikkje velje mellom å nyte sommaren og å tenkje framover. Ofte handlar det om små, smarte grep – før pengane går med til ferie, småkjøp og kvardagsbruk.

Slik kan du få feriepengane til å vare litt lenger

Det finst ingen fasit, men her er nokre tips til kva du kan gjere når feriepengane kjem:

  1. Set av litt før pengane blir brukte opp

    Det er ofte enklare å spare noko når pengane akkurat har kome inn på konto. Når dei først går med til ferie, småkjøp og kvardagsbruk, er dei vanskelegare å hente inn igjen.
    Ved å setje av eit beløp tidleg, sikrar du at noko faktisk går til noko meir langsiktig.
  2. Start med det som kostar mest

    Har du kredittkortgjeld eller dyre smålån, kan det vere lurt å bruke delar av feriepengane til å betale ned dette først. Då reduserer du framtidige rentekostnader – og du kan få meir økonomisk handlingsrom seinare.

  3. La feriepengane vare lenger enn sommaren

    Sjølv eit lite beløp sett av til sparing i dag, kan gjere ein forskjell over tid. Set du av noko til fond eller annan langsiktig sparing, gir du pengane dine moglegheita til å vekse vidare. Det handlar ikkje om å spare mykje – men om å gjere eit val som varer litt lenger.

    Sparer du allereie i fond, kan det vere fint å spare litt ekstra eller å aktivere "Automatisk auke av spareavtale" – du finn denne funksjonen inne på spareavtalen din i mobilbanken.

    Har du ikkje fondssparing, kan dette vere ei gyllen anledning til å starte. Set av eit beløp eller opprett ei fast spareavtale – det viktigaste er å kome i gang og la sparinga vekse over tid.

  4. Set noko til side på ein sparekonto

    Å setje av litt av feriepengane på ein sparekonto eller bufferkonto kan gi deg større økonomisk fleksibilitet og gjere økonomien i kvardagen meir robust. Uforutsette utgifter dukkar opp for dei fleste, og då kan det vere fint å ha pengar tilgjengeleg. Å spare både på ein sparekonto og i fond kan vere ein fin måte å balansere mellom kort- og langsiktig sparing. Set av litt før pengane blir brukte opp

    Det er ofte enklare å spare noko når pengane akkurat har kome inn på konto. Når dei først går med til ferie, småkjøp og kvardagsbruk, er dei vanskelegare å hente inn igjen. Ved å setje av eit beløp tidleg, sikrar du at noko faktisk går til noko meir langsiktig.

  5. Aktiver mikrosparing på 1-2-3

    Mikrosparing hjelper deg å lukkast med sparing i kvardagen – heilt utan at du merkar det! Les meir om mikrosparing her og set det opp med få tastetrykk i mobilbanken!

Små val no kan gjere det enklare seinare

Ved å ta eit bevisst val for delar av feriepengane dine, og setje delar av pengane av til sparing, kan du gå hausten i møte med låge skuldrer og betre økonomisk sjølvtillit. Kanskje er det nettopp denne sommaren du kjem i gang med gode sparevanar?

👉 Kom i gang med gode sparevanar i mobilbanken!

Ønskjer du heller å snakke med oss om sparing – book eit møte – vi hjelper deg å finne ei løysing som passar for deg og økonomien din.

 

God sommar ☀️⛵🍦

Sjekk kor mykje sparinga di kan vekse 

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.