Planlagt vedlikehald av fondstenestene
Frå fredag 21. august kl. 16.00 til søndag 23. august gjennomfører Eika Kapitalforvaltning teknisk vedlikehald på dei bakanforliggjande systema våre. Dette vil påverke Eika Investortenester, Smartspar og fondstenestene i mobilbanken og nettbanken.
I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å sjå fondsbehaldningar eller annan fondsinformasjon i nokon av tenestene. Det vil heller ikkje vere mogleg å gjennomføre kjøp, sal eller andre fondstransaksjonar.
Sparepengane dine er trygt plasserte som før, men informasjonen vil vere mellombels utilgjengeleg medan vedlikehaldet går føre seg. Vi beklagar ulempene dette medfører.