Hopp til innholdet

Personopplysningar og arbeid mot økonomisk kriminalitet

Nokre av kundane våre lurer på kvifor dei må legitimera seg og svara på spørsmål om bankforholdet sitt, sjølv om dei alltid har vore kundar i banken. Her får du svar på kvifor.

Saman om kvitvasking 

Som bank har me eit ansvar for å bekjempa økonomisk kriminalitet, svindelforsøk og ID-tjuveri. Me er derfor pålagt å kjenne identiteten til alle våre kundar og innhente legitimasjon og opplysningar om deg som kunde, slik at me aktivt kan beskytte dine økonomiske interesser og ivareta vårt samfunnsansvar. 

Har du fått melding om å legitimera deg i banken?

Fleire av våre kundar vil bli kontakta av banken med beskjed om at me treng ny legitimasjon. Grunnen for dette er at me må oppdatera vår dokumentasjon på kundens identitet i våre arkiv. 

Ofte stilte spørsmål

Me anbefalar at du tek med pass, som er den sikraste formen for legitimasjon i Norge. Med pass meinar me norsk pass, utenlandsk pass, norsk utlendingspass og reisebevis for flyktningar med RFID.
Det er viktig at du legitimerer deg slik at informasjonen me har liggande i arkiva våre er oppdatert og korrekt. Dersom du ikkje oppdaterer kundeidentiteten din med gyldig pass eller ID-kort, er konsekvensen at kontoar eller kort blir sperra for uttak inntil me har registrert oppdatert legitimasjon. 
Løyve om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering (Kvitvaskingsloven) krev at alle norske bankar har kjennskap til korleis kundane bruker produkta og tenestene til banken - og dette må registrerast og oppdaterast jamleg. Me har som bank ansvar for blant anna å kjempa mot svindelforsøk, ID-tjuveri og økonomisk kriminalitet som skattesvik, kvitvasking og terrorfinansiering. Svara dine er derfor eit viktig bidrag. 
Myndigheitane pålegg bankane å ha kjennskap til sine kundar, og kva produkt og tenester dei nyttar. Dette må derfor registrerast og oppdaterast gjennom heile kundeforholdet. Derfor får alle desse spørsmåla uavhengig av kor lenge ein har vert kunde. Me anbefalar å ha mobilbank/nettbank for å enklare oppdatera informasjonen din jamleg.
Det er viktig at du svarar slik at banken har informasjon som er riktig og oppdatert. Dersom me ikkje får svar, kan ein konsekvens være at mobilbank, nettbank, kort og konto blir sperra inntil me får innhenta svara dine. 
Kundeerklæring er ei rekkje spørsmål banken stiler for å halde oppe lovverket som myndigheitane stiller til bankane. Det er her viktig at ein tenkjer gjennom kva ein brukar banken til slik at svara dine blir mest mogleg korrekt. Derson ein oppgir feil opplysningar i kundeerklæringa si må ein forventa at ein kan bli kontakta av banken eller få tilsendt eit nytt skjema. Alle kundar uansett alder må fylla ut ein kundeerklæring, dette er ein eigenerklæring og derfor viktig at du fyller han ut på eigenhand. Dersom er under 18 år eller under verjemål skal verje/foresatt fylle ut. 
Ring kundesenteret vårt so fort som mogleg for bistand tlf: 57 64 85 10.

Noreg, USA og OECD-landa har inngått avtale som pålegg norske bankar å gi opplysningar om kundane deira til nasjonale styresmaktene i tråd med amerikansk lovgivning Foreign Account Tax Compliance Act (FACTA) og Common Reporting Standard (CRS).

 

Kvar finn eg mitt skattenummer?

  • Sverige - personnummer eller samordingsnummer - Format 999999-9999
  • Danmark - DPR nummer - Format 999999-9999
  • Polen - PESTEL nummer - Format 99999999999
  • Latvia - Personnummer - Format 999999-99999
  • Litauen - Personnummer - Format 99999999999

Finn informasjon til alle land i denne linken: https://www.oecd.org/tax/automatic-exchange/crs-implementation-and-assistance/tax-identification-numbers/