Hopp til innholdet
Gren med rosa blomar i solskin.

Dødsbu - kva må du vite?

Når ein nær person går bort, er det mykje å ta stilling til. Her finn du informasjon om kva som skjer med bankforholdet til den avdøde, og kva du som etterlaten må gjere vidare.

Kva er det første du må gjere?

Kontakt gravferdsbyrå

Eit gravferdsbyrå kan hjelpe med dei praktiske oppgåvene rundt gravferda og gi rettleiing om kva som må ordnast.


Få oversikt over formue og gjeld

Før arvingane tek stilling til korleis dødsbuet skal skiftast, kan det vere behov for å få oversikt over økonomien til den avdøde.

Tingretten kan utferde ei formuesfullmakt, som gir rett til å hente inn opplysningar om formue og gjeld.

Med formuesfullmakt kan me gi ei oversikt over den avdøde sine verdiar og gjeld i banken. Me kan også gi kontoutskrifter for dei siste tre månadene før dødsfallet.

Sjå meir informasjon til arvinger på Noregs domstol. 


Ta stilling til korleis dødsbuet skal skiftast

Arvingane må ta stilling til korleis dødsbuet skal handsamast. Det kan mellom anna vere privat skifte, uskifte eller offentleg skifte.

Du finn meir informasjon om dei ulike skifteformene hos Noregs domstolar.


Skaff nødvendig dokumentasjon

Når skifteforma er avklart, får du nødvendig dokumentasjon frå tingretten.

For vidare handsaming i banken treng me skifte- eller uskifteattest og eventuelle fullmakter. Me kan også ha behov for legitimasjon.

Er det fleire arvingar, kan dei gi fullmakt til éin person som representerer dødsbuet.


Få oversikt over forsikringar og pensjon

Mange har private forsikringar i tillegg til å vere forsikra gjennom arbeidsforhold. Når dødsfallet er registrert i Folkeregisteret, blir brev med informasjon om avdødes livs- og pensjonsforsikringar sendt til avdødes adresse.

Dersom du er fullmektig eller arving og ønskjer opplysningar om kvar avdøde har livsforsikringar og pensjonar, får du ein oversikt ved å sende inn skjema til Norsk Pensjon.

Me hjelper deg med dødsbuet

Har du spørsmål eller er usikker på kva du skal gjere vidare? Ta kontakt med oss, så hjelper me deg.

Telefon: 57 64 85 10
E-post: post@sognbank.no

Kva skjer med bankforholdet?

Når me får melding om dødsfallet, vert bankforholdet til den avdøde sikra.

Dette inneber mellom anna at:

  • kontoane vert sperra for uttak, men kan framleis ta imot innbetalingar
  • bankkort vert avslutta
  • BankID vert tilbakekalla
  • nett- og telebank vert avslutta
  • eFaktura vert avslutta
  • faste overføringar, som fast sparing, vert stoppa.

AvtaleGiro og betalingar som allereie ligg til forfall, vert ikkje automatisk sletta. 

Fast trekk til bustadlån i banken held fram så lenge det er dekning på kontoen. 

Ja. Før skifte- eller uskifteattesten er motteken, kan enkelte rekningar som står i namnet til den avdøde betalast frå buet.

Dette gjeld mellom anna gravferdsutgifter, husleige, opphald på sjukeheim, straum, apotek, telefon, forsikringar og offentlege utgifter. Dette gjeld i inntil tre månader etter dødsfallet. Banken tek ikkje gebyr for desse rekningane.

AvtaleGiro og betalingar som ligg til forfall, vert ikkje automatisk sletta ved dødsfallet.

Når nødvendig dokumentasjon er på plass, må fullmektigen ta stilling til om AvtaleGiro-avtalane skal avsluttast eller flyttast.

Det kan ikkje opprettast nye faste betalingar eller AvtaleGiro-avtalar på dødsbuet.

Når skifte- eller uskifteattesten er klar, treng me denne for å kunne handsame dødsbuet vidare.

Dersom det er fleire arvingar, kan dei gi fullmakt til éin person som representerer dødsbuet. Dersom det ikkje ligg føre fullmakt, må alle arvingane signere dokument knytte til buet.

Me kan også ha behov for gyldig legitimasjon og annan dokumentasjon, avhengig av kven som skal representere dødsbuet og kva som skal gjerast.

Når me har fått nødvendig dokumentasjon, kan den som representerer dødsbuet (fullmektigen), velje korleis midlane i dødsbuet skal handterast.

Det er tre alternativ:

1. Banken betaler rekningar frå kontoen til den avdøde
Fullmektigen kan levere rekningar til banken, og me betaler desse frå kontoen til den avdøde når nødvendige signaturar ligg føre.

2. Midlane vert overførte til fullmektigen
Inneståande midlar kan overførast til fullmektigen for vidare handsaming av dødsbuet. 

3. Det vert oppretta ein dødsbukonto
Ved behov kan me opprette ein ny dødsbukonto som fullmektigen disponerer. Kontoen kan mellom anna nyttast til betaling av rekningar, mottak av innbetalingar og fordeling av arv.

 

Fullmektigen får ikkje tilgang til dei eksisterande kontoane til den avdøde i sin eigen nettbank.

Når dødsbuet er klart for endeleg oppgjer, kan resterande midlar overførast til avtalt konto og kontoane avsluttast.

Før kontoane vert avslutta: Det bør vere avklart om det er venta fleire innbetalingar til dødsbuet, til dømes frå offentlege instansar eller i samband med skatt.

Har den avdøde lån i Sogn Sparebank, må lånet etter kvart innfriast, refinansierast eller overførast.

Fast trekk til bustadlån i Sogn Sparebank held fram etter dødsfallet så lenge det er dekning på kontoen. Andre lån kan krevje eiga oppfølging.

Ta kontakt med oss dersom den avdøde hadde lån, så hjelper me med kva som må gjerast vidare.

Når dødsbuet er klart for oppgjer, vert inneståande midlar overførte til avtalt konto og kontoane kan avsluttast.

Dødsbuet bør som hovudregel gjerast opp og kontoane avsluttast innan seks månader etter dødsdato.

Før kontoane vert avslutta, er det viktig å ta omsyn til eventuelle innbetalingar eller utbetalingar som framleis skal gå til eller frå dødsbuet, til dømes i samband med skatt.

Sjå meir om førehandsligning av skatt via Skatteetaten. 

Me hjelper deg

Det kan vere mykje å halde oversikt over i eit dødsbu. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål eller treng rettleiing i det som gjeld bank, forsikring og fond i høve dødsbuet.

Vanlege spørsmål kring dødsbu

Ei formuesfullmakt er eit dokument frå tingretten som gir ein arving høve til å få oversikt over økonomien til den avdøde før ein tek stilling til dødsbuet.

Med formuesfullmakt kan du få opplysningar om mellom anna bankkontoar ved dødsfallstidspunktet og kontotransaksjonar dei siste tre månadene før dødsfallet. Fullmakta gir også innsyn i skatteopplysningar.

Skifte betyr at dødsbuet vert gjort opp og verdiane etter den avdøde vert fordelte mellom arvingane.

Uskifte betyr at oppgjeret og fordelinga av dødsbuet vert utsett. Dette kan vere aktuelt for attlevande ektefelle, og i enkelte tilfelle sambuar.

Ved uskifte vert det utferda ein uskifteattest som dokumenterer retten til å disponere over buet.

Ved privat skifte tek arvingane sjølve ansvar for å gjere opp dødsbuet. Som hovudregel må minst éin myndig arving ta ansvar for gjelda til den avdøde. 

Ved offentleg skifte vert dødsbuet handsama av tingretten. Tingretten oppnemner ein bustyrar som tek hand om buet og gjennomfører oppgjeret.

Kontoane vert sperra for uttak
Når me får melding om dødsfallet, vert kontoane til den avdøde sperra for uttak. Kontoane er framleis opne for innbetalingar.

Kort, BankID og digitale tenester vert avslutta
Bankkort vert avslutta, BankID vert tilbakekalla og tilgang til nett- og telebank vert avslutta. Avtale om eFaktura vert òg avslutta.

Faste overføringar vert stoppa, men AvtaleGiro held fram
Faste overføringar, til dømes fast sparing, vert stoppa. AvtaleGiro og betalingar som allereie ligg til forfall, vert ikkje automatisk sletta.

Tidlegare disposisjonsrettar vert avslutta
Personar som tidlegare har hatt disposisjonsrett eller fullmakt til kontoane til den avdøde, kan ikkje lenger disponere desse. Ein fullmektig for dødsbuet får heller ikkje dei eksisterande kontoane til den avdøde i sin eigen nettbank.

For at me skal kunne overføre midlar, betale rekningar på vegner av dødsbuet eller avslutte kundeforholdet, må me ha dokumentasjon på kven som har rett til å representere dødsbuet.

  • Skifteattest eller uskifteattest
    Vert utferda av tingretten og dokumenterer kven som har rett til å representere dødsbuet.

  • Fullmakt frå arvingane
    Dersom det er fleire arvingar, kan dei gi fullmakt til éin person som representerer dødsbuet overfor banken. Dersom det ikkje ligg føre fullmakt, må alle arvingane signere nødvendige dokument.

  • Legitimasjon
    Me kan ha behov for gyldig legitimasjon frå den eller dei som skal representere dødsbuet.

 

Treng du oversikt før du tek stilling til skiftet? 

Dersom arvingane treng oversikt over formuen og gjelda til den avdøde før dei tek stilling til skiftet, kan dei be tingretten om ei formuesfullmakt.

Med formuesfullmakt kan me gi opplysningar om den avdøde si formue og gjeld i banken, i tillegg til kontoutskrifter for dei siste tre månadene før dødsfallet.

Dersom den avdøde hadde fond eller aksjar, inngår desse som ein del av dødsbuet. Arvingane kan velje å overføre fond og aksjar til éin arving eller fordele dei mellom fleire. Ved arv overtek ein også den skattemessige inngangsverdien og eventuell urealisert gevinst. Verdien som står oppført på fonda eller aksjane er derfor ikkje nødvendigvis den reelle verdien ein sit att med etter eit seinare sal og skatt. 

Det er viktig å ta høgde for dette når fond og aksjar skal fordelast mellom arvingane.

Ta gjerne kontakt med oss dersom de treng rettleiing i høve dette.

Kredittkort vert sperra eller avslutta ved dødsfall. Eventuell uteståande kredittkortgjeld må gjerast opp som ein del av dødsbuet.

Ta kontakt med kortutferdaren for å melde frå om dødsfallet, få oversikt over eventuell uteståande kreditt og avklare kva som må gjerast vidare.