Hopp til innholdet

Pensjonist

Er pensjonsalderen i sikte – eller er du allereie godt i gang med ein ny kvardag? Då kan det vere godt å få oversikt og vite kva moglegheiter du har. Her har me samla informasjon som kan vere nyttig for deg. Finner du ikkje det du leitar etter, tek du berre kontakt – me er her for å hjelpe deg.

To eldre damer ute i skogen som sit rundt eit bål og ler og held rundt kvarandre.

Kva er viktig å tenkje på som pensjonist?

Å bli pensjonist er ein stor overgang i livet. For mange betyr det ein ny kvardag med meir tid til det ein har lyst til – men også nye val og behov når det gjeld økonomi.

I denne fasen er det viktig å ha oversikt over eigen økonomi og gode løysingar som er enkle å bruke. Nokon ønsker digitale tenester, medan andre føretrekkjer personleg oppfølging. Det viktigaste er at du finn det som gir deg tryggleik i kvardagen.

Det kan også vere lurt å sjå på korleis sparepengane dine er plasserte, og om dei er tilpassa situasjonen din. Samtidig er det viktig å sikre det du har – både gjennom forsikringar og ved å få på plass juridiske dokument som framtidsfullmakt og testament.

Med god oversikt over desse områda, står du betre rusta til å ta gode val og få ein trygg og oversiktleg økonomi i pensjonisttida.

Ein prat med banken?

Har du noko du lurer på, eller ynskjer du å snakke med oss?

Du er alltid velkomen til å ringe oss på 57 64 85 10 eller sende e-post til post@sognbank.no. Me hjelper deg gjerne, anten stort eller smått.
To vaksne sit tett saman i ein sofa og held rundt kvarandre, med ei bokhylle i bakgrunnen.

Har du oversikt over pensjonen din?

Det kan vere vanskeleg å vite kva du får utbetalt i pensjon. Ved å få oversikt tidleg, kan du ta betre val og planleggje økonomien vidare.

Ein vaksen person sit på trappa utanfor eit hus og brukar mobiltelefon.

Har du forsikringane som passar livssituasjonen din no?

Behova endrar seg når ein blir pensjonist. Det kan vere lurt å sjå over forsikringane og sikre at dei gir rett dekning for deg og familien.

Sjå våre forsikringar
To vaksne står ute framfor eit hus og held rundt kvarandre.

Har du oversikt over økonomien din som pensjonist?

Når inntekta endrar seg, er det viktig å ha god oversikt. Me hjelper deg å sjå heilskapen i pensjon, sparing og utbetalingar, slik at økonomien fungerer godt i kvardagen.

Sjå sparing

Nyttige tenester

Ein vaksen person sit ved eit bord med berbar datamaskin og ser ut gjennom eit stort vindauge i ei lys stove.

Framtidsfullmakt
Har du tenkt på kven som kan hjelpe deg dersom du treng det?

Ei framtidsfullmakt gjer at du sjølv kan bestemme kven som skal ta vare på økonomiske og personlege interesser dersom du ein dag ikkje kan gjere det sjølv. Det gir tryggleik – både for deg og dei som står deg nær.

Kom i gang

Testament
Vil du sikre at ynskja dine blir følgde?

Med eit testament kan du bestemme korleis verdiar og eigedelar skal fordelast. Det gir ryddige forhold og kan førebygge usikkerheit og konflikt.

Kom i gang
Ein vaksen person sit i ein stol og brukar mobiltelefon framfor ein open datamaskin.
Ein vaksen person sit i ein lenestol og brukar mobiltelefon ved eit vindauge.

Ynskjer du å bruke bankens tenester uten internett?

I dag er mange banktenester digitale, men hos oss skal det vere mogleg å vere bankkunde utan å bruke internett. Me tilbyr enkle løysingar som kontoutskrift i posten, betaling av giro i skranken på våre filialar, AvtaleGiro og bruk av minibank. Du kan også få hjelp gjennom disponent, fullmakt eller verje. Me har open bank for drop-in enkelte dagar i veka, og du er alltid velkomen til å ta kontakt – me hjelper deg gjerne.