Hopp til innholdet

Bankkort for barn 6 - 12 år 

  • Trygt og sikkert kort utan netthandel eller overtrekk
  • Full kontroll med saldo og bruk i Eika Mobilbank
  • Gratis kort for barn frå 6 år

Slik får barnet ein god økonomisk start – med sitt eige bankkort

Barnekortet passar for barn frå fylte 6 år. Kortet er gratis og laga med tryggleik i fokus

Det kan ikkje brukast på nett, og du som føresett får full oversikt i Eika Mobilbank. Ein god måte å starte samtalen om pengar – i trygge rammer.

Kvifor barnekort?

  • Trygt – Kortet kan ikkje overtrekkast og kan berre brukast dersom det er pengar på konto
  • Brukarvennleg – Kontaktlaus betaling i butikk, både i Noreg og utlandet
  • Oversikt i appen – Sjå saldo og transaksjonar i Eika Mobilbank
  • Vipps frå 6 år – Motta, send og betal med godkjenning frå begge føresette
  • Gratis – Ingen gebyr eller skjulte kostnader

Slik bestiller du kortet

  1. Ta kontakt med banken – vi set det opp saman.
  2. Kom gjerne innom saman med barnet – det gjer opplevinga trygg og lærerik.
  3. Begge føresette må signere kortavtalen.

Vipps frå 6 år – med godkjenning frå begge føresette

  • Send og motta pengar – utan kort
  • Tæpp i butikk – krev eige bankkort og eigen mobil
  • Vipps til nummer (17. mai, loppemarknad, cup) – krev eige bankkort og eigen mobil

Spørsmål og svar om bankkort for barn

Barn kan få bankkort frå fylte 6 år. Når barnet fyller 13 år, blir kortet automatisk oppgradert til ungdomskort.
Nei, barnekortet kan ikkje brukast til netthandel.
Dersom barnet mistar kortet, kan det sperrast raskt i mobilbanken eller ved å kontakte banken.
Du har full oversikt i Eika Mobilbank – trygt og enkelt.
Nei, ikkje for å sende og ta imot pengar frå foreldre og vener. Men barnet må ha eige bankkort for å tæppe i butikk og betale til Vipps-nummer, til dømes på loppemarknad eller cup.

Du har full oversikt i Eika Mobilbank – trygt og enkelt

  • Last ned Eika Mobilbank for å følgje med på saldo og bruk
  • Snakk med barnet om kortvett og smarte pengevanar
  • Sett regionsperre i appen dersom kortet berre skal brukast i Noreg