Fordelar med bankkortet ditt
Du har mange fordelar med bankkort hos oss - her har vi samla dei viktigaste.
Dei viktigaste fordelane dine
Full oversikt
Du har full oversikt over det som går inn og ut på konto i mobil- eller nettbank. Her kan du enkelt sperre kortet eller sjå PIN-koden din om du har gløymt den. Du har også moglegheit til å sjå bankkortet ditt digitalt - praktisk når du treng kortopplysningane dine til å handle på nett eller i appar.
Trygg handel i inn- og utland
Bankkortet ditt kan brukast overalt - om du vil handle på nett, tæppe i lokalbutikken eller bruke det i fysiske butikkar i utlandet. Du har også god beskyttelse mot bedrageri eller uautorisert kortbruk. Vi hjelper deg når du treng det, og du kan nå oss 365 dagar i året på vår døgnopne sperreteneste.
Betalingstenester
Hugs å leggje inn kortet ditt i betalingstenester du brukar ofte, som Vipps, parkeringsappar etc. Då er du sikra enkel betaling, samt at du får god oversikt over utførte betalingar i nett- og mobilbanken - alt på ein stad!
Digitale lommebøker
Som sagt, hugs å leggje inn kortet ditt i Vipps! Legg også inn kortet ditt i Google Pay, Garmin eller FitBit Pay, så kan du betale trygt og enkelt med klokke eller mobiltelefon, utan å måtte ha med deg lommeboka når du skal handle.