Hopp til innholdet

Samle økonomien hos oss

Når konto, kort, rekningar og inntekt er samla på éin stad, blir det enklare å ha oversikt, kjenne seg trygg og bruke banken i kvardagen.

Flyttar du inntekta di til oss innan 30. mai 2026, kan du bli med i trekkinga av 10 000 kroner. 

 

Derfor vel mange oss som hovudbank

  • Hos Sogn Sparebank får du heile økonomien samla på éin stad
  • Ein av Noregs best likte mobilbankar
  • Personleg rådgiving og kundeservice i toppklasse
  • Eit komplett tilbod med konto, kort, rekningar, sparing, lån og forsikring
  • Støttar Apple Pay, Google Pay, Vipps Tæpping med meir

Kva vil det seie å bruke oss som hovudbank?

Det betyr at det viktigaste er samla hos éin bank:

  • lønn og andre faste inntekter
  • rekningar og daglege betalingar
  • sparing og lån

Når alt er samla, blir det enklare å halde oversikt og bruke banken i kvardagen.

Alt samla – enklare å ha oversikt

Når inntekta kjem inn hos oss, blir det enklare å halde oversikt og få heile økonomien samla på éin stad.

  • Konto, kort, rekningar, sparing, lån og forsikring er samla på éin stad
  • Det blir enklare å følgje opp det som er viktig
  • Varslingar i mobilbanken gir beskjed når noko viktig skjer

Varslingane kan skruast av og på etter behov. Det kan til dømes vere beskjed når inntekta kjem inn, når ein eFaktura er klar, eller når saldoen er låg. Då blir det lettare å halde oversikt, utan å måtte følgje med heile tida.

Visste du at?

Mobilbanken vår er ein av dei best likte i Noreg, og får svært gode vurderingar i App Store og Google Play.

Eit godt stad å starte

Slik flyttar du inntekt i tre steg

Det er lettare å flytte inntekt enn mange trur. Alt du treng å gjere, er å gi nytt kontonummer til arbeidsgivar, NAV, Lånekassen eller andre du får inntekt frå.

  1. Finn kontonummeret til kontoen du vil bruke hos oss
  2. Gi beskjed til den som utbetaler inntekta di
  3. Neste utbetaling kjem inn på kontoen du har valt hos oss, når endringa er registrert

For mange er dette det einaste som skal til for å få ein enklare bankkvardag.

Vi kan hjelpe deg undervegs. Eller du kan gjere det sjølv i mobil- eller nettbanken.

Flytt inntekta di til oss innan 30. mai

Flyttar du inntekta di til oss innan 30. mai 2026, er du med i trekkinga av 10 000 kroner. Vi trekkjer tre vinnarar på tvers av bankane i Eika Alliansen.

Når du vel oss, gir du også noko tilbake

Som sparebank er vi opptekne av å bidra positivt der vi er til stades. Ein del av overskotet vårt går tilbake til aktivitetar og initiativ i nærområda våre. Når du vel Sogn Sparebank som hovudbank, er du med på å gjere dette mogleg.

Jarand Blaaflat

Jarand Blaaflat

Teamleiar - rådgjevar kundesenter

57 64 85 10

Kirsten Asheim

Kirsten Asheim

Rådgjevar kundesenter

57 64 85 10

Kjartan Kvigne

Kjartan Kvigne

Rådgjevar kundesenter

57 64 85 10

Malin Sørheim Aas

Malin Sørheim Aas

Rådgjevar kundesenter/fagansvar daglegbank

57 64 85 10

Martin Trollebø

Martin Trollebø Johnsen

Rådgjevar kundesenter

57 64 85 10

Mia Jeanette Hansen

Mia Janette Nordli Hansen

Rådgjevar kundesenter

57 64 85 10

Monica Da Silva

Monica Hybertsen da Silva

Rådgjevar kundesenter

57 64 85 10

Ofte stilte spørsmål og svar

Nei. Du kan framleis bruke andre bankar som før. Det einaste du gjer, er å gi nytt kontonummer til den som utbetaler inntekta di.
Sjølve endringa gjer du raskt. Når arbeidsgivar eller ein annan utbetalar har registrert nytt kontonummer, kjem neste utbetaling til kontoen du har valt hos oss.
Ja. Vi hjelper deg gjerne undervegs, eller gjer det saman med deg.
Ja. Hos oss kan du bruke fleire digitale løysingar som gjer kvardagen enklare, som Apple Pay, Google Pay og Vipps.