Derfor vel fleire oss som hovudbank
Ønskjer du ein bank som er enkel å bruke i kvardagen – og menneske i nærleiken når du treng råd eller hjelp? Mange vel oss som hovudbank fordi dei får betre oversikt, gode digitale løysingar og ein bank som er der når det gjeld.
Kva betyr det å ha oss som hovudbank?
Mange har fleire bankar i dag. Vel du Sogn Sparebank som hovudbank og let inntekta di gå inn på ein konto hos oss, blir det enklare å betale rekningar, spare jamleg og følgje med på økonomien din i kvardagen. Då blir det også lettare å få gode råd frå sertifiserte rådgivarar som tek seg tid til å høyre på deg og gi råd.
Dette gjer kvardagen enklare
Når inntekta, betalingane og den daglege økonomien er samla hos oss, blir det enklare å halde oversikt og bruke banken i kvardagen.
- Betre oversikt: Sjå økonomien din samla på eitt stad
- Enklare kvardag: Betal rekningar, spar og bruk kort hos oss
- Råd når du treng det: Snakk med sertifiserte rådgivarar i Sogn Sparebank som tek seg tid til å høyre på deg og gi råd – heilt uforpliktande
Ein bank for kvardagen
For mange handlar hovudbank om meir enn produkt og prisar. Det handlar om å ha ein bank som fungerer godt i det daglege.
Hos Sogn Sparebank kan du bruke mobilbanken og nettbanken til det meste, og du kan få hjelp frå rådgivarar når du treng det. Mobilbanken vår er også blant dei mest likte i Noreg, noko mange kundar set pris på i kvardagen.
Enklare når økonomien er samla
Du kan til dømes:
- følgje med på kontoar og betalingar i mobilbanken
- setje opp varslingar i mobilbanken, til dømes når inntekta er komen inn
- betale enkelt med kort eller mobilen, til dømes Apple Pay, Vipps Tæpp eller Google Pay
- spare jamleg eller setje pengar til side
- få råd dersom økonomien din endrar seg
For mange gjer dette banken til ein naturleg del av kvardagen.
Derfor vel mange Sogn Sparebank som hovudbank
- Mobilbanken vår er blant dei mest likte i Noreg, med høge kundevurderingar i App Store og Google Play
- Sertifiserte rådgivarar som tek seg tid til å høyre på deg
- Ein lokal bank med menneske du kan snakke med
- Vil du bruke oss meir i kvardagen?
Mange av kundane våre bruker oss allereie som hovudbank og har samla det meste av økonomien sin hos oss. For andre kan det vere aktuelt å flytte meir av den daglege økonomien hit, litt etter litt.
Det er enkelt å kome i gang. Logg inn i mobilbanken eller nettbanken og følg rettleiaren steg for steg. Treng du hjelp undervegs, er vi sjølvsagt her for deg.
Ingrid Øygarden
Rådgjevar kundesenter
57 64 85 10
Jarand Blaaflat
Teamleiar - rådgjevar kundesenter
57 64 85 10
Joakim Moen
Rådgjevar kundesenter
57 64 85 10
Kirsten Asheim
Rådgjevar kundesenter
57 64 85 10
Kjartan Kvigne
Rådgjevar kundesenter
57 64 85 10
Malin Sørheim Aas
Rådgjevar kundesenter/fagansvar daglegbank
57 64 85 10
Martin Trollebø Johnsen
Rådgjevar kundesenter
57 64 85 10
Mia Janette Nordli Hansen
Rådgjevar kundesenter
57 64 85 10
Monica Hybertsen da Silva
Rådgjevar kundesenter
57 64 85 10