Hopp til innholdet

Varslingar i mobilbanken – skreddarsy kvardagen, få ro i magen

Vi veit at økonomi blir enklare når du får ein liten dytt i rett augeblikk. Difor kan du i mobilbanken skru på varslingar som seier ifrå om det som betyr noko for deg. Du bestemmer – appen følgjer med i bakgrunnen.

Illustrasjon av mobil med pushvarslinger

Slik skrur du på varslingar

Visste du at … 

Pushvarslingar er ei gratis teneste og blir sende trygt og kryptert gjennom mobilbanken?

Eit stort utval varslingar gir deg full kontroll

Kva er det? Beskjed når løn, pensjon, trygd eller barnetrygd kjem inn.

Når?
Idet pengane er inne.

Eksempel:
«Hurra! Du har fått lønn på konto!»

Kva er det? Varsel når ei eFaktura ligg klar til godkjenning.

Når? Med ein gong eFakturaen kjem. Seinast kl. 07 neste morgon om fakturaen kjem om natta.

Eksempel: "Du har en ny eFaktura fra Fremtind på 1 200 kr med betalingsfrist 1.desember"

Kva er det? Fortel at rekninga blir betalt automatisk til rett tid.

Når? Når eFakturaen kjem inn (og AvtaleGiro er aktiv).

Eksempel: "Du har en ny eFaktura fra Kredittbanken på 1 835 kr, den blir automatisk betalt 10. januar med AvtaleGiro." 

Tips: Gir oversikt utan at du må godkjenne kvar gong.

Kva er det? Ein annan gir deg innsyn i sine rekningar.

Når? Når nokon delar eFakturaen med deg.

Eksempel: "Ole har delt en eFaktura med deg"

Tips: Supert for sambuarar og foreldre/barn – alle ser det same og kan betale rekningar som er felles.

Kva er det? Varslar deg dersom ei eFaktura har passert betalingsfristen utan godkjenning.

Når? Etter betalingsfristen har passert, dersom rekninga ikkje er godkjend.

Eksempel: "Du har en eFaktura som skulle vært betalt den 15. oktober, logg deg inn for å godkjenne den."

Tips: Reddar deg frå purregebyr i ein travel kvardag.

Kva er det? Du får beskjed når nokon deler kontoen sin med deg.

Når? Idet kontoen blir delt.

Eksempel: "Maria har delt en konto med deg"

Tips: Nyttig for felles hushaldning eller barnas brukskonto

Kva er det? Sier ifrå når saldoen fell under grensa du har sett.

Når? Når saldo går under for eksempel 1 000 kr.

Eksempel: "Saldo på Matkonto er nå under 5 000 kr"

Tips: Set grensa litt over det du må ha – då rekk du å fylle på før det blir stress.

Kva er det? Sier ifrå når saldoen fell under grensa du har sett.

Når? Når saldo går under for eksempel 1 000 kr.

Eksempel: "Saldo på Matkonto er nå under 5 000 kr"

Tips: Set grensa litt over det du må ha – då rekk du å fylle på før det blir stress.

Kva er det? Ei betaling gjekk ikkje gjennom (ofte på grunn av låg saldo).

Når? Umiddelbart etter at trekket feila.

Eksempel: "En betaling ble stoppet fordi det ikke var nok penger på konto"

Tips: Overfør pengar eller betal manuelt med éin gong – unngå purringar.

Kva er det? Banken/rådgivaren har sendt deg ei melding.

Når? Når ei ny melding kan lesast i mobilbanken.

Eksempel: "Du har fått en ny melding fra banken, logg deg inn i mobilbanken for å lese den"

Kva er det? Du prøvde å betale med kortet, men kjøpet blei avvist.

Når? Med éin gong avvisinga skjer (feil PIN, låg saldo osv.)

Eksempel: "En betaling ble avvist fordi feil PIN ble brukt. Glemt koden? Du finner den i mobilbanken"

Tips: Ukjend avvising? Sperr kortet i appen og kontakt oss.

Månadens beste melding?

Eit lite varsel kan gjere dagen betre – og gi deg full oversikt når du treng det. Du kan mellom anna setje opp varslingar for innbetalingar, løn, pensjon osv. – eller eit lite hint når saldoen på konto bikar under eit gitt beløp.

Dagens viktigaste melding? 

Nokre varslar hjelper deg før det er for seint. Blir ei betaling stoppa fordi du manglar pengar på konto, eller har du gløymt å godkjenne ei eFaktura – så seier mobilbanken ifrå, før du får den irriterande purringa i posten.