Hopp til innholdet
Ein mann som sit i førarsetet av ein bil, iført ein grå argyle-genser og smiler til kameraet.
Klar for en prøvetur? Dette bør du sjekke både før du tenner motoren og medan du er på vegen.
Bilforsikring

Dette må du sjekke når du prøvekjører

Det er lett å falle for ein bil når du prøvekjører. Men før du forelskar deg heilt, er det eit par ting du burde sjekke.

Du har endeleg funne draumebilen. No gjenstår det berre ein ting før du bestemmer deg – å prøvekjøre bilen. Men kva skal du eigentleg sjå etter når du prøvekjører?

Her er ei huskeliste til deg som skal prøvekjøre draumebilen.

Før du set deg bak rattet

  • Sjå etter synlege skadar
    Ta ein runde rundt bilen. Finn du lakkskadar eller bulkar? Er frontruta fri for steinsprut og riper? Det kan også vere lurt at du sjekker om det er rustskadar rundt dører og bakluke.
  •  Fungerer lysa?
    Før du prøvekjører kan det vere lurt at du sjekker at lysa fungerer. Er glaset på hovudlys, blinklys og baklys i orden? Test også at dei innvendige og utvendige lysa verkar.
  • Låsar og dører
    Er det enkelt å opne og lukke dører, panser og bagasjeluke? Det kan også vere lurt å sjekke at låsen fungerer som den skal, og at det er lett å heise vindauga opp og ned.
  • Sjekk dekka
    Både dei som sit på, og dei som følgjer med.
  • Innvendige skadar
    Sjå etter lekkasjar frå olje, kjølevatn og drivstoff. Kjenn etter om det er fukt under matter og 
  • Er alt med?
    Sjekk at reservehjul, jekk, verktøy, varseltrekant, refleksvest, vognkort og instruksjonsbok er i bilen før du prøvekjører.

Når du prøvekjører bilen

  • Førsteinntrykket er viktig
    Verkar alt som det skal når du startar bilen? Prøvekjør bilen på ein veg med nokre humpar, høyrer du nokre ulydar?
  • Korleis fungerer bremsene
    Tar dei likt når du trakkar ned, eller dreg bilen til ei av sidene?
  • Er det elektriske i orden?
    Det er lurt å sjekke om klimaanlegget, radioen, varmeseta og elektroniske hjelpemiddel fungerer som dei skal.
  • Køyrekomfort 
    Sist men ikkje minst, kjennest bilen "riktig" for deg?

Visste du at?

Du må minimum ha ansvarsforsikring får kunne køyre lovleg på norske vegar.