Kjøp husforsikring
Hos Eika Forsikring kan du kjøpe fire forskjellige husforsikringar. Sjekk kva som passar ditt behov.
Med ei god husforsikring unngår du å bli ståande på bar bakke viss uhellet rammar. Men veit du korleis du går fram viss noko skjer med huset ditt?
«Kva gjer eg no?», tenkjer du kanskje når det som skal vere familiens trygge hamn rammast?
Er uhellet ute, er det aller første du må gjere å avgrense eller avverje skaden med nødvendige tiltak, som for eksempel å bestille ein rørleggjar eller ein annan handverkar. Etter det kontaktar du Eika Forsikring. Du kan enkelt melde skaden digitalt her.
Når du har meldt frå, vil det som regel bli sendt ein takstperson eller ein annan fagperson for å kartleggje omfanget av skadane. Takstpersonen tek normalt kontakt dagen etter, dersom det er ein vanleg virkedag.
Dreg du med å melde frå om skaden, eller ikkje gjer nødvendige tiltak for å minimere omfanget, kan du risikere at skaden blir verre og at kostnadene ikkje blir erstatta.
Husforsikringa vår gjeld for alt som er fastmontert i bygningen, og som ikkje er spesielt montert for produksjons- eller næringsverksemd.
Forsikringa inkluderer blant anna:
Husforsikringa dekkjer tap ved brann-, vatn-, tjuveri- og naturskadar, i tillegg til andre såkalla kaskoskadar. Dei kan du lese meir om i vilkåra.
Du får også kompensasjon viss du må bu utanfor heimen din eller taper leigeinntekter etter ein dekka skade. Om du vil ha ei utvida forsikring, kan du oppgradere til Hus Pluss.
Hus Pluss-forsikringa inkluderer blant anna:
Som regel skal disse skadane meldast til politiet:
I nokre tilfelle vil dei som vurderer saka at andre skadar skal meldast til politiet. Dokumentasjonen for at forholdet er meldt må leggjast ved skademeldinga.
Nokre gonger kan det vere vanskeleg å vurdere skadane, viss det ikkje er nok opplysningar tilgjengeleg. Derfor vil saksbehandlar i enkelte tilfelle be om utfyllande informasjon i ei skademelding og eventuelt bilete for dokumentasjon.
Det er lurt å sørgje for at forsikringssummen dekkjer nok viss det skjer ein skade. Kontakt oss for å endre forsikringssummen din.
Hos Eika Forsikring kan du kjøpe fire forskjellige husforsikringar. Sjekk kva som passar ditt behov.