Hopp til innholdet

Vårdugnad inne: 8 enkle sjekkpunkt for kjøkken og bad

Når våren kjem, er det mange som tek i eit tak ute – men har du hugsa innsida av heimen? Enten du bur i hus eller leilegheit, er det lurt å gjere ein liten vårdugnad på kjøkken og bad. Desse romma er i dagleg bruk, og akkurat her oppstår mange av dei vanlegaste skadane.

Med nokre enkle grep kan du både forlenge levetida på utstyret og redusere risikoen for vasskadar, brann eller ubehageleg lukt.

Her er 8 smarte ting å sjekke:

  1. Rens filteret i kjøkkenvifta: Eit tett filter reduserer effekten og aukar brannfaren. Ta det ut og vask det i varmt såpevatn, eller i oppvaskmaskina om det toler det.
  2. Sjekk slangar til vaskemaskin og oppvaskmaskin: Små lekkasjar eller sprukne slangar kan gjere stor skade. Sjå over koplingane og bytt ut delar som er slitne.
  3. Rens sluket på badet: Hår og såperestar kan fort tette røra og gi dårleg lukt. Gi sluket ein grundig rens og skyll godt.
  4. Rens filtrene i vaskemaskin og oppvaskmaskin: Smuss i filtrene kan gi dårleg vask og slite på maskinene. Ei rask rengjering gjer stor forskjell.
  5. Test røykvarslarar og sjekk brannsløkkar: Trykk på testknappen, bytt batteri om naudsynt, og sjå at trykkmålaren på brannsløkkaren står på grønt. Ekstra tips for ekstra tryggleik:
  6. Tørk støv av røykvarslarane: Støv kan påverke varslaren – bruk ein tørr klut og gjer det til ein fast rutine.
  7. Sjå etter teikn på fukt: Misfarging på veggar eller i taket – særleg nær røyr – kan vere eit tidleg teikn på fuktskade. Følg med og ta grep tidleg.
  8. Test jordfeilbrytaren i sikringsskapet: Trykk på testknappen. Slår den ikkje ut, bør du kontakte elektrikar – dette handlar om tryggleik for både deg og naboane.

Små grep som gjer stor forskjell

Det er lett å tenkje at vedlikehald berre gjeld dei som bur i hus, men det stemmer ikkje. Uansett bustadtype har vi alle eit ansvar for å passe på heimen vår – og mange skadar kunne vore unngått med enkle rutinar som dette.

Lurer du på om du har riktig forsikring – eller vil du ha ein gjennomgang?

Vi hjelper deg gjerne. Ta kontakt med ein av våre dyktige rådgivarar.

Eileen Bjørnestad Dale

Eileen Bjørnestad Dale

Rådgjevar forsikring/fagansvarleg forsikring

57 64 85 26

Monica Hybertsen da Silva

Monica Hybertsen da Silva

Rådgjevar forsikring & cash management

57 64 85 31

Robert Haugen

Robert Haugen

Bedriftsrådgjevar forsikring, fagansvarleg sparing og plassering

57 64 85 38