Hopp til innholdet

Hundeforsikring

Her finn du våre ofte stilte spørsmål om hundeforsikring.

Spørsmål og svar om hundeforsikring

Den grunnleggjande hundeforsikringa dekkjer veterinærutgifter, atopi, allergi, MR/CT. Med Hund pluss dekkjer forsikringa også vatntrening, rehabilitering, tannsjukdommar og valpeforsikring. Du kan legge til valpekullforsikring, livsforsikring og bruksverdiforsikring.
Veterinærdekninga varer livet ut, men det er rasespesifikke avgrensingar på dekninga for dødsfall og bruksverdi, avhengig av alderen til hunden. Dekninga for dødsfall og bruksverdi opphøyrer automatisk ved hovudforfall året etter at hunden når aldersgrensa for rasen sin:

8 år for

Berner Sennenhund, Grand Danois, Irsk Ulvehund, Leonberger, Newfoundlandshund, Pyrenéerhund, Napolitansk Mastiff og St. Bernhardshund

10 år for

Blandingsraser og øvrige raser

12 år for

Bichon Havanais, Border Terrier, Cairn Terrier, Chihuahua, Chinese Crested, Dvergschnauzer, Finsk Lapphund, Finsk Spets, Foxterrier, Islandsk Fårehund, Jack Russel Terrier, Lhasa Apso, Toy-, Dverg- og Mellompuddel, Kleiner og Grosser Münsterländer, Norrbottenspets, Norsk Buhund, Papillon, Phalène, Schnauzer, Shih Tzu, Softcoated Wheaten Terrier, Tibetansk Spaniel, Tibetansk Terrier, Västgötaspets, Welsh Springer Spaniel, West Highland White Terrier og Whippet
Du kan kjøpe hundeforsikring frå hunden er 5 veker gamal.
Med direkteoppgjer betalar du berre eigenandelen hos veterinæren, vi tek oss av resten.
Du kan velje mellom 25 % og 50 % eigenandel ved veterinærbesøk.