Sykkelen din kan vere dekt av reise- eller innboforsikringa, avhengig av kva som skjer og kvar det skjer. Har du eiga sykkelforsikring, er sykkelen dekt for fleire typar hendingar – utan avgrensing på kvar dei skjer.
Reiseforsikring
- Gir erstatning opp til 40 000 kroner
- Ingen eigenandel
Innboforsikring
- Gir erstatning opp til 20 000 kroner med standard innboforsikring
- Opp til 40 000 kroner med toppdekning
- 4 000 kroner i eigenandel
- 2 000 kroner i eigenandel om sykkelen er registrert i eit FG-godkjent sykkelregister
Verdisakforsikring
- Full erstatning
- 1 000 kroner i eigenandel