Kundeundersøking for bedriftskundar startar no
Årets kundemåling for bedriftskundar blir gjennomført i perioden frå om lag 11. september til om lag 10. oktober.
Me er opptekne av å vidareutvikle tenestene i banken i tråd med ynske og behov frå kundane våre, og difor gjennomfører vi mellom anna kundemålingar. Her får du høve til å gje tilbakemeldingar og påverke dei framtidige prioriteringane til banken.
Årets kundemåling for bedriftskundar blir gjennomført i perioden frå om lag 11. september til om lag 10. oktober. Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid med Kantar, og fleire av kundane våre er trekte ut til å få ein e-postinvitasjon med følgjande avsendar-id:
Kantar (feedback@kantarsurvey.com)
Det tek 8–10 minutt å svare. Me håpar du har høve til å delta og bidra til at vi kan bli ein endå betre bank for kundane våre i framtida.
Me deler denne informasjonen for å gjere merksam på at dersom du får e-post frå Kantar (sjekk gjerne også søppelpostfilteret), er det altså snakk om kundeundersøkinga vår – og ikkje ein svindel-e-post.
Tusen takk for at du bidreg til å gjere oss til ein endå meir sutalaus lokalbank.