Betalingsfristar til jul og nyttår 2025 – dette må du vite
Jul og nyttår påverkar når betalingar, overføringar og andre banktenester blir behandla. Her får du ei oppdatert og oversiktleg liste over dei viktigaste betalingsfristane i høgtida 2025, slik at du kan planleggje og unngå forseinkingar både før og etter nyttår.
Før julehelga
16. desember – Frist for kjøp av eksterne fond, kl. 09.00
22. desember – Frist for kjøp av Eika-fond, kl. 09.00
23. desember – Siste bankdag før jul
- Innanlandsbetalingar: før kl. 13.30
- Utlandsbetalingar: før kl. 11.00
Vipps og straksbetaling fungerer som vanleg gjennom heile jula.
Mellom jul og nyttår
29. desember – Vanlege betalingar og oppgjer startar opp igjen
30. desember – Årssluttfristar
- Utlandsbetalingar: før kl. 10.00
- BSU-innskot: bør vere registrerte innan denne dagen
31. desember – Siste frist for innanlandsbetalingar, før kl. 13.30
Starten på det nye året
1. januar – Ingen betalingar blir behandla (offentleg fridag)
2. januar – Første oppgjørsdag i 2026
Vi er her for deg
Har du spørsmål om betalingsfristar, overføringar eller korleis du best kan planleggje økonomien i høgtida? Vi i Sogn Sparebank hjelper deg gjerne når det passar for deg, slik at alt går som det skal gjennom jul og nyttår.
Vipps fungerer som vanleg gjennom heile jula – praktisk når du treng å ordne noko raskt.