Hopp til innholdet
Adm. banksjef.
Adm. Banksjef Mads Indrehus åtvarar bedrifter mot svindelforsøk. 
Nyhet

Svindlarar rettar seg mot bedrifter – ver ekstra merksam

Kriminelle gjennomfører stadig meir målretta svindelforsøk mot personar som har tilgang til bedrifta sine kontoar. - Me oppmodar alle bedriftskundar til å vere ekstra varsame ved førespurnader om innlogging, betalingar og endringar i kontoinformasjon, seier Adm. Banksjef Mads Indrehus.

Fleire bankar opplever no ei aukande bølgje av svindelforsøk retta mot næringslivet. Svindlarane nyttar avanserte metodar for å skape tillit og få tilgang til nettbank, BankID eller pengar på bedriftskontoar.

Dei som vert kontakta, kan oppleve at svindlaren utgir seg for å vere frå banken, politiet eller offentlege etatar. Målet er ofte å få tilsette til å dele sensitive opplysningar eller godkjenne betalingar.

Banken vil aldri be om BankID-passord, kodar eller andre personlege sikkerheitsopplysningar. Er du i tvil, kontakt oss direkte.

Mads Indrehus, Adm. Banksjef Sogn Sparebank

Korleis går svindlarane fram?

Svindlarane kan mellom anna:

  • Utgi seg for å vere frå banken, politiet eller offentlege etatar.
  • Kontakte deg via telefon, e-post eller SMS og skape ein følelse av hastverk.
  • Be om innlogging med BankID eller godkjenning av betalingar.
  • Sende falske fakturaer eller lenkjer til falske innloggingssider.
  • Bruke informasjon frå sosiale medium og offentlege register for å framstå truverdige.
  • Påstå at bedrifta er utsett for svindel og be deg flytte pengar til ein såkalla «sikker konto».

Ver ekstra merksam dersom du får

  • Førespurnader om å endre kontonummer eller betalingsinformasjon.
  • Telefonar frå personar som ber om innlogging eller sikkerheitsopplysningar.
  • Uventa betalingsoppdrag med kort frist.
  • Meldingar om ubetalte fakturaer, inkasso eller sikkerheitsproblem som krev rask handling.
 

Slik reduserer du risikoen

For å styrkje tryggleiken rundt bedrifta sine kontoar anbefaler me at du:

  • Aldri deler passord, kodebrikker eller BankID-opplysningar.
  • Innfører to-personskontroll ved større betalingar.
  • Plasserer overskotslikviditet på låst sparekonto der det er mogleg.
  • Sørgjer for at alle med tilgang til bedriftskonto kjenner att vanlege svindelmetodar.
  • Tek kontakt med banken straks dersom du mistenkjer svindel.

 

Mistenkjer du svindel? Kontakt oss med ein gong

- Dersom du trur bedrifta har blitt utsett for svindel eller har godkjent ei betaling ved ein feil, er det viktig å kontakte banken umiddelbart. Rask varsling kan vere avgjerande for å avgrense tap og auke moglegheita for å stoppe transaksjonar, seier banksjefen. 

Har du spørsmål eller ynskjer råd om korleis du kan styrkje tryggleiken rundt bedrifta sine kontoar? Ta kontakt med oss i Sogn Sparebank.