Velkomen til Aurland kontorhub
Aurland kontorhub held til i tredje etasje i Sogn Sparebank sitt bygg på Aurlandsvangen. Her finn du innflyttingsklare og nyoppussa kontorlokale. Kontorhuben er perfekt både for bedrifter og enkeltpersonar som ynskjer å dele kontorlandskap med andre, og slå av ein prat i lunsjen.
Totalt har kontorhuben 3 separate kontor med 2 kontorplassar i kvar, og 6 kontorplassar i opent landskap. Leigetakarar med eit fast og langsiktig leigeperspektiv blir prioritert først.
Fasiliteter og tenester som inngår i leige av Aurland kontorhub
- Lyse, fine lokale
- 24h adgang til kontoret
- Låsbart kontor eller kontorskap
- Toalett
- WIFI/Internett/Gjestenett
- Kopiering/skanning
- Møterom
- Stillerom
- Heis
- Kjøkken
- Parkering (10 delte plassar for alle leigetakarane)
- Rengjering
- Lager (etter avtale)
- Fellesareal for lunsj og sosialisering
- Garderobe
Kontorplass i fellesareal:
- Låsbart kontorskap
- Fast kontorplass
- Skrivebord og kontorstol
Kontor i form av eksklusivt areal:
- Låsbart kontor, eksklusivt for leietakeren
- 2 skrivebord og 2 kontorstoler
Prisar:
- Kontorplass i fellesareal: 3 500 kr per mnd
- Eige kontor med plass til to stk: 7 500 kr per mnd
Interessert i å leige kontorplass?
Ta gjerne kontakt med oss på kontorhub@sognbank.no