Slik stemmer du
Klikk på lenka til høgre for å kome til kundevalet. Valet føregår digitalt, med innlogging med BankID. Dei som ikkje har høve til å nytte denne løysinga kan stemme over skranken på kontora våre.
Kva handlar kundevalet om?
Kundevalet handlar om at kundane vel kven som skal representere kundane i banken si generalforsamling Kundevalet er delt opp i 3 valkrinsar: Aurland, Vik og Årdal/Lærdal. Kva valkrins skal velje sine eigne representantar. Representantane i Generalforsamlinga har viktige oppgåver som å velja styre, godkjenna rekneskap og sikra av banken blir driven i tråd med vedtektene og føremålet vårt.
Kven er på val?
Aurland
Regina Ådland, lærar, fødd 1997
Thomas Rastad, bonde og tømrar, fødd 1980
Vik
Bjarne Engum, gardbrukar, fødd 1991
Per Aase, rekneskapsførar, fødd 1965
Årdal/Lærdal
Gunn Kirsti Offerdal, rekneskapsførar, fødd 1970
Stian Offerdal Vatlestad, vedlikehaldsleiar vannkraft, fødd 1995
Kven kan stemme ved kundevalet?
Sparebanken sine myndige kundar som har, og i dei siste seks månadane har hatt eit engasjement på minimum 5.000 kroner har stemmerett ved val av kundane sine medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga. Kvart kundeforhold gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lova eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn 2 stemmer, ei på grunnlag av eige kundeforhold, og ei som representant for annan kunde.
Vi hjelper deg
Dersom du ikkje har mogelegheit til, eller av andre årsakar ikkje kan avgje di stemme digitalt, kan du komme innom banken og stemme manuelt. Dette gjeld også om du er oppført i feil valkrets.
Når er kundevalet i 2026?
Kundevalet vil vere i veke 7, mellom 9. februar kl. 08.00 til 13. februar kl. 16.00.
Slik nominerer du kandidatar
Du kan nominere både deg sjølv og andre til kundevalet. Det gjer du ved å sende inn nominasjonen til val@sognbank.no innan 20. januar. Skriv namnet på kandidaten du nominerer og gjerne ei kort skildring av kvifor vedkomande bør stilla.
Det er viktig at du har samtykke frå den du nominerer.
Når er nominasjonsfristen?
Fristen for å nominere kandidatar var innan 20. januar.