Hopp til innholdet
Konfetti
Nyhet

Visste du at det snart rullar ut over 4,5 millionar kroner frå vår gåvekonto i banken til kontoane til utallege lag og organisasjonar i Sogn?

 Slik bidrar me som fellesskap til at Sogn blir ein endå betre plass å bu og vekse opp i. 

Spennet er stort, alt frå festivalar til seniordans, via skyttarlag og idrettslag til bygg som skal utviklast til gode møteplassar. Rydding av Sognefjorden, innkjøp til hjelpeorganisasjonar, strikkeprosjekt og rekrutteringsaktivitetar må også nemnast. 

 

Mangfald er eit stikkord og ofte betyr dei mindre summane kanksje mest, for når alt kjem til alt så er det eldsjelene bak som er det avgjerande. Det er utruleg kjekt at baken kan bidra med midlane som får gode idear til å bli realisert - til glede for mange.

 

Nedanfor finn du oversikra over kven som har fått denne gongen. Hugs at det kjem fleire moglegheiter til å søkje om gåver frå banken, no er det berre å sende søknader fortløpande til gavefond@sognbank.no

 

Veit du om eit prosjekt som har behov for støtte? Send oss ein søknad da vel! 

 

Me legg også med eit lite utval av tilbakemeldingar som kom med ein gong dei fekk beskjed:

Dette er berre heilt fantastisk! Vi er overvelda og svært takksame ❤️

- Olav Skarsbø, Leikanger Skyttarlag

Hei alle saman, tusen hjarteleg takk for støtta og dykk bidrag til det frivillige arbeidet vårt i kommunen. Dette er veldig stort. Veldig takknemleg 😊

- Magne Forberg, Aurland Skyttarlag

Tusen, tusen hjarteleg takk👌. Me set umåteleg stor pris på dykk som samarbeidspartner.

- Geir Kjetil Øvstetun, Målrock