Hopp til innholdet

Når marknadene svingar

Svingingar i marknaden er ein naturleg del av fondssparing. På denne sida finn du oppdatert informasjon, forklaringar og råd som kan hjelpe deg med å ta gode val – også i periodar med uro i marknaden.

Kva kan marknadsuro bety for fondssparinga di?

Verdien av fond kan svinge, og i periodar kan fond falle i verdi på kort sikt. Slike svingingar er ein naturleg del av marknaden.

Når aksjemarknaden fell, betyr det at verdien av fondsandelane dine går ned. Det er likevel viktig å vere klar over at du ikkje har tapt noko så lenge du ikkje sel fondsandelane dine. Det er først når du sel fonda dine at eit mogleg tap kan oppstå. Historia har vist at aksjemarknadene har henta seg inn igjen etter periodar med fall. Derfor er fondssparing først og fremst ei langsiktig spareform der du som sparar bør ha ein tidshorisont på meir enn fem år.
For deg som sparar i fond vil det derfor vere viktigare å spare langsiktig enn å prøve å "time" marknaden. 
Dersom du likevel blir uroleg for sparinga di og vurderer å selje fonda dine, då bør du vurdere å justere spareplanen og risikoprofilen på sparinga di framfor å selje.

Still deg sjølv desse spørsmåla

  • Tenk langsiktig, og hald deg til spareplanen du har lagt.
  • Dersom du synest det er ubehageleg at verdien svingar mykje, kan du vurdere å justere risikoprofilen på sparinga di framfor å selje.
  • Snakk med oss i banken – vi har dyktige rådgjevarar som kan svare på det du lurer på.

💡 Tips når aksjemarknaden fell

  • Hald deg til spareplanen og tenk langsiktig
  • Juster risikoprofilen på sparinga di framfor å avslutte sparinga
  • Snakk med ein rådgjevar

Visste du at …

… tid i marknaden er viktigare enn å «time» marknaden?

Kva betyr krigen i Midtausten for aksjemarknadene?

Investeringsdirektørane Stig Erik Brekke og Gaute Eie seier meir om situasjonen.

Kva bør du gjere når aksjemarknaden fell?

  1. Unngå panikksa
    Historia viser at aksjemarknadene har henta seg inn igjen etter fall.
  2. Tenk langsiktig
    Fondssparing kan vere ei god spareform dersom du har ein tidshorisont på meir enn fem år. Dersom du treng pengane dine tidlegare, eller blir uroleg når marknadene svingar, bør du vurdere å ha pengane i eit rentefond eller på ein sparekonto.
  3. Hald deg til spareplanen
    Når marknaden fell, kjøper du andelar billegare. Det betyr at du med ein fast månadleg spareavtale får fleire andelar enn i ein normal marknad. Hald deg til planen dersom du kan, og vurder om dette kan vere ei god kjøpsmoglegheit for deg.
  4. Sjekk risikonivået ditt
    Dersom du søv dårleg på grunn av svingingar, kan du vurdere å justere fondssparinga di til ein annan risikoprofil.
  5. Snakk med ein rådgjevar
    Dersom du er usikker, har vi dyktige rådgjevarar i banken som kan hjelpe deg.

 

Dette lurer mange på når aksjemarknadene svingar

Fondssparing er langsiktig sparing, og marknadssvingingar vil vere ein del av dette. Vi pleier å seie at det er lurt å halde seg til den spareplanen du har lagt.
Svingingar er ein del av aksjemarknaden. Dersom du likevel søv dårleg om natta, kan du vurdere å justere risikoprofilen på fondssparinga di.
Ja. Ei fast spareavtale gjer at du slepp å tenkje på når du bør kjøpe og selje fond, og forvaltarane våre gjer jobben for deg. Dersom du har moglegheit, kan du heller vurdere om du vil auke beløpet på spareavtalen litt.
Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.