Hopp til innholdet
Fond
Møtet med bankrådgjevaren gav Thomas den tryggleiken han trengte for å kunne setje opp ein spareavtale.

Thomas har endeleg ein plan for sparinga si. Og det var mykje enklare å kome i gang enn det han trudde på førehand!

Slik gjekk Thomas frå å vere ein rotkopp med økonomien til å bli ein spareentusiast. Les korleis han opplevde meistring då han endeleg byrja å spare.

Thomas ønskte å kome i gang med pensjonssparing

Han bur i Oslo med kone og to små barn, og har lenge tenkt at han burde ta nokre grep for å få ein litt meir føreseieleg økonomi for seg og familien, men det har som for mange andre blitt med tanken.

"Eg har alltid funne på ei god unnskyldning for å ikkje setje meg inn i moglegheitene mine og kome i gang med sparing", seier Thomas. 
"Eg er nok litt rotekopp når det kjem til pengar", seier han vidare. I mange år har han overlatt økonomistyringa til kona. Eg har lempa alt det økonomiske ansvaret over på henne, rett og slett fordi det har vore enkelt. No ønskjer eg å ta min del av dette ansvaret, seier han. Samtidig har han eit ønske om å bistå meir i den økonomiske planlegginga, og ikkje minst leggje ein langsiktig plan, både for sparing til dei to barna sine og sin eigen pensjon. 

Løysinga blei eit møte med ein bankrådgivar

"Eg syntest det høyrdest litt skummelt ut med eit slikt møte, men det var ei veldig positiv oppleving. Eg fekk oversikt over kva eg har til rådvelde for å spare, og korleis eg burde fordele sparepengane i ulike fond. Eg kunne faktisk også setje av meir pengar enn eg først trudde", fortel han fornøgd.

"Måten det blei forklart for meg gjorde det veldig enkelt å forstå. Det var ikkje så komplisert som eg trudde. Eg kom litt seint i gang, men no har eg ein plan, og det gir meg ei god tryggingskjensle".

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.