Kva er ei spareavtale, og korleis kjem du i gang?
Eingongsinnskot fungerer godt når du har litt ekstra pengar. For mange blir den langsiktige sparinga likevel meir stabil og føreseieleg når ho skjer automatisk og fast kvar månad. Ønskjer du å ta sparinga di til neste nivå? Då kan det vere ein god idé å opprette ei spareavtale.
Kva er ei spareavtale?
Ei spareavtale er ein enkel måte å spare i fond på. Det betyr at eit fast beløp blir sett inn automatisk, til dømes éin gong i månaden. Du vel sjølv beløp og tidspunkt, og kan endre eller stoppe spareavtala når som helst.
Dei som lukkast med langsiktig sparing, har ofte lagt ein plan og held seg til denne planen.
Ei spareavtale er nettopp det – ein spareplan som gjer at sparinga skjer av seg sjølv kvar månad. Det gjer sparinga både føreseieleg og enkel. For mange gir dette betre oversikt og meir ro i økonomien. Dette er særleg viktig når marknaden er uroleg, og verdien av sparepengane dine kan svinge frå dag til dag.
Men hugs: Det viktigaste er ikkje å starte perfekt, men å faktisk starte sparinga.
Tips når du skal opprette ei spareavtale
✅ Start i ditt eige tempo
✅ Små beløp er heilt greitt
✅ Du kan endre undervegs
Over tid kan gode sparevanar bidra til auka økonomisk meistring og sjølvtillit.
Kom i gang med gode sparevanar
Set opp fast trekk til spareavtalen når du får løn på konto. Då slepp du å måtte «finne rom» til sparing seinare.
Gje barnet ditt eit økonomisk forsprang
No er det enkelt å starte fondssparing til barn – les meir om korleis du kjem i gang!