Hopp til innholdet
Tips mot svindel
Sikkerhet

Ver varsam og unngå å bli svindla!

Førjulstida er travel, og mange av oss nyttar Black Friday til å gjere gode kjøp – men ver merksam! Dette er òg høgsesong for svindel. Sjekk råda våre før du slår til på eit godt tilbod.

Nettet florerer med falske tilbod, tvilsame nettsider, phishingforsøk på e-post og svindelinnlegg i sosiale medium. Ver difor påpasseleg når du handlar.

Sjekk ut tipsa våre for å unngå svindel:

  • Sjekk alltid at tilbodet kjem frå ein kjent butikk, og sørg for at nettstaden tilbodet lenkar til samsvarar med butikken sin offisielle nettside.
  • Bruk sikre betalingsløysingar som Vipps eller ditt Eika Kredittkort.
  • Unngå å klikke på mistenkjelege lenker du får på e-post, og aldri oppgje sensitive personopplysningar til nokon.
  • Tenk deg godt om før du let deg freiste av altfor mange tilbod. Prioriter heller å handle lokalt og støtt det lokale næringslivet, framfor å kjøpe ting på sal som du kanskje ikkje treng.
  • Skal du handle brukt på nett, ver ekstra varsam, for mange svindlarar utnyttar òg denne kanalen. Oppgje aldri kortinformasjonen din til nokon.

Stopp, tenk, sjekk!

Hugs – når noko verkar for godt til å vere sant, er det som regel det. Fleire gode råd og nyttig informasjon om dei nyaste svindeltrendane finn du på Svindel.no.

Nettsida  oppmodar til å følgje tre enkle steg for å unngå å bli svindla:

  • Stopp: Det hastar ikkje.
  • Tenk: Kan det vere svindel?
  • Sjekk: Snakk med nokon du stolar på.