Hopp til innholdet

UNG: 0-17 år

Her finn du relevant informasjon for deg som er under 18 år gamal. 

To unge jenter som tar en selfie

Born og unge (0-17 år)

Barn og unge går gjennom mange viktige steg - frå dei første sparepengane til eigen konto, kort og etter kvart meir ansvar for eigne pengar. Hjå oss i Sogn Sparebank er målet at barn og føresette skal kjenne seg trygge på dei vala dei tek, og få gode vanar som varar livet ut. 

Kva bør du tenkje på for barnet ditt?

Det å gi barn gode økonomiske vanar startar tidleg. Enkle banktjenester kan vere eit nyttig verktøy for å lære barnet om verdi, sparing og ansvar. 

Sparing frå tidleg alder

Å opprette ein sparekonto i barnets namn gir ein god start. Her kan ein setje inn pengar frå bursdagar, høgtider eller småjobbar.

Sparing til bustad

Når barnet blir eldre, kan det vere aktuelt å starte sparing til eigen bustad. BSU (bustadsparing for ungdom) er ei gunstig ordning som gir både god rente og skattefordelar. Kontoen kan opprettast frå fylte 13 år, og ofte er det føresette som vel å bidra til sparinga i starten. Dette kan gi eit viktig økonomisk utgangspunkt seinare i livet.

Tryggleik gjennom forsikring

Det kan også vere lurt å tenkje på økonomisk tryggleik dersom noko uventa skulle skje. Ei barneforsrikring kan dekke mellom anna sjukdom og ulykker, og bidra til å sikre barnet og familien økonomisk. Det viktigaste er å finne ei løysing som passar behova de har. 

En mor som holder barnet sitt på hoften.

Barneforsikring - tryggleik for det viktigaste du har

  • Ei god barneforsikring kan gi økonomisk støtte dersom barnet blir alvorleg sjuk eller skadd.
  • Forsikringa kan hjelpe med utgifter og sikre økonomien dersom kvardagen brått endrar seg.
  • Rask tilgang til helserådgjevning og oppfølging.

3 tips til sparing til born 

Våre kort

Når barn og ungdom får eigen konto og kort, er det starten på å lære om pengar og ansvar. Me tilbyr bankkort tilpassa alder og behov – med tryggleik for føresette og gradvis meir fridom for barnet.

To unge gutter som spiller tv spill

Bankkort barn (6-13 år)
Eit enkelt og trygt kort for dei første stega med eigne pengar. Kortet kan brukast i butikk og gir barnet god kontroll på forbruket.

Kortet har ikkje netthandel, og føresette har oversikt og kontroll.

Meir informasjon om bankkort for barn
Jente som er på nettbrett

Bankkort ungdom (13-18 år)
Eit fleksibelt kort for ungdom som vil betale i butikk, på nett og med mobilen – samtidig som dei lærer å ha oversikt over eigen økonomi.

Kortet gir meir sjølvstende, men med trygge rammer og moglegheit for oppfølging frå føresette.

Meir informasjon om bankkort for ungdom
Jente som tir high five smilende

BSU (Bustadsparing for ungdom)

Start sparing til bustad frå du er 13 år. Med BSU får du ein trygg og smart måte å bygge eigenkapital på – og eit skikkeleg forsprang den dagen du skal kjøpe din første bustad.