Hopp til innholdet
vinne som ladar elbil og sjekkar mobilbank på mobilen – eit bilete på oversikt og ein moderne kvardag

Har du flytta lønna di hit?

Når løna kjem inn her, får du oversikt, smarte funksjonar og personleg rådgiving – derfor vel mange oss som hovudbank.

Slik flyttar du løna di – og kvifor det løner seg

Når løna går rett inn på kontoen din her i banken, får du betre oversikt over saldo, forbruk og sparing – både i mobilbank og nettbank. Du kan enkelt styre faste betalingar, og om du ønskjer det, få varsel når pengane kjem inn. Dette – og mange andre smarte løysingar – gir ein enklare økonomikvardag for mange av kundane våre.

Slik flyttar du løna di 

  • Finn kontonummeret til den nye brukskontoen eller lønnskontoen din. Du finn det i mobilbanken eller nettbanken.
  • Send kontonummeret til arbeidsgivaren din. Det gjer du som regel ved å sende ein e-post til lønnsavdelinga, eller via HR-/lønnsportalen.
  • Får du pensjon? Då kan du endre kontonummeret sjølv hos NAV eller pensjonsleverandøren din.

Når dette er gjort, kjem inntekta di inn på riktig konto – og du får fullt utbytte av banken.

Oppdater faste betalingar og kortinformasjon

For å unngå avbrot i abonnement, er det lurt å oppdatere kortinformasjonen i strøymetenester og nettbutikkar. Hugs også å flytte AvtaleGiroar enkelt i mobilbanken – du treng ikkje kontakte leverandørane.

Tips: Overfør gjerne pengar til den nye kontoen allereie no, slik at det er dekning når betalingane går. Det gir ein trygg overgang.

Har du allereie flytta løna?

Då er du godt i gang med å bruke banken slik ho er meint å brukast. Du har no oversikt, smarte funksjonar – og ein enklare bankkvardag.

Sjå nytt og nyttig i mobilbank og nettbank

Alltid klare for ein prat – og for å hjelpe deg

Mange ordnar det meste sjølv i mobilbank eller nettbank. Men du er aldri åleine – vi er her når du treng oss. Hos oss får du personleg rådgiving når du ønskjer det. Treng du praktisk hjelp eller har spørsmål om tenestene våre, kan du òg kontakte kundeservice.

Les meir om vår prisvinnande kundeservice

Visste du at...

Bankane i Eika Alliansen er kåra til Noregs beste på kundeservice? Hos oss får du personleg hjelp, raske svar og ekte rettleiing – akkurat når du treng det.