BankID-app

Vi tilbyr BankID-app, ein digital variant av kodebrikka. BankID-app er tryggare, enklare og betre enn andre BANKID-metodar fordi den er basert på nyare teknologi. Med BankID-appen er du betre verna mot svindel fordi du ikkje har nokon kode å gi bort, du får betre informasjon om innlogging/kjøp og kan enkelt stoppe dersom noko ikkje stemmer.
  • Tryggare
  • Enklare
  • Betre

Last ned BankID-appen på mobilen din

 

Appstore logo
   
Google Play logo

Raskare BankID

Ved bruk av ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller telefonen sin skjermlås (PIN) kan du få ei raskare BankID-innlogging. Les meir her

Hugs: 

  • Kodebrikka di er framleis aktiv så ta godt vare på den.
  • Kodebrikka er personleg. Legg henne på ein trygg stad. Legg passordet ein annan stad! 
  • Gje aldri frå deg den personlege koden din eller passordet ditt, verken til andre familiemedlemmer eller til bank eller politi. 
  • Kontakt banken din så fort som mogleg dersom du mistar eller nokon stel kodebrikka.