Hopp til innholdet
Person med rutete skjorte og klokke på handledet, sit ved bord med kaffikopp og berbar PC.

Klokkeforsikring

  • Klokka er dekt for uhell, tjuveri, tap og skadar
  • Forsikringsselskapet vårt er kåra til best i fleire undersøkingar
  • Dekkar reparasjon eller ny klokke av same merke og modell

Kvifor ha klokkeforsikring?

Har du ei klokke du er ekstra glad i, og som kostar litt? Då kan det vere lurt med ei eiga forsikring, så du er trygg på å få att heile verdien dersom noko skulle skje.

Dette må du ha klart før du kjøper klokkeforsikring

For å kunne forsikre klokka di, må vi vite at ho er di. Det er på grunn av strenge reglar mot kvitvasking, og derfor treng vi litt dokumentasjon frå deg:

  • Kvittering eller kjøpsbevis
  • Takstbrev som viser verdien på klokka
  • Korleis du har betalt for henne
  • Bilete av klokka – gjerne saman med etui og sertifikat
  • Kjøpskontrakt viss du har kjøpt henne brukt
  • Dokumentasjon på betalt toll og avgift, viss klokka er kjøpt i utlandet

Kva er forsikringsverdien på klokka?

Når vi set forsikringsverdien på klokka di, tek vi utgangspunkt i nyprisen hos ein norsk urmakar. Den kan aldri setjast høgare enn det.

Har du kjøpt klokka brukt, og til ein lågare pris enn nypris i butikk, er det bruktprisen som gjeld som forsikringsverdi.

Dekninger Verdisakforsikring Innbofursikring Reiseforsikring
Tjuveri

Inkludert

Inkludert

Brann

Inkludert

Inkludert

Vasskadar

Inkludert

Inkludert

Uhell

Inkludert

Inkludert

Mistet/blitt borte

Inkludert

Opplysningane her er forenkla og forkorta samanlikna med dei fullstendige vilkåra.</div><div>Om du allereie har forsikringar hos oss, logg inn for å laste ned vilkåra som gjeld deg og dine.